Halvparten av det mediehusa deler på Facebook er på sida av samfunnsoppdraget. Og kvar fjerde deling er ei «klikksak»

MEDIEKRITIKK: Gløymer mediene samfunnsoppdraget i jakta på trafikk? Ei analyse av over 600 delingar frå fem store mediehus kan tyde på det.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Jakta på klikk er gammalt nytt.

Men når klikkjaget blir prioritert framfor samfunnsviktige saker kan det få alvorlege konsekvensar for demokratiet.

Hannah Kolås, frilansjournalist og tilsett i Norsk Målungdom.

Nyleg ferdig med ein bachelor i journalistikk ved Mediehøgskolen Gimlekollen. 

MEDIEKRITIKK PÅ MEDIER24: Medier24.com vil våren og sommeren 2016 presentere en ny spalte og etter hvert en håndfull spaltister som bidrar med mediekritiske tekster og analyser.

Inntil videre som et tidsbegrenset prosjekt. Spalten er støttet med tilskudd fra Fritt Ord.

Facebook har dei siste åra blitt ei stadig viktigare kjelde for nyheitskonsum.

Nye undersøkingar frå Sverige viser at annankvar landsmann bruker Facebook som kjelde til nyheiter.

Trass i at det ikkje finst tilsvarande undersøkingar frå Noreg, er det grunn til å tru at ein kan finne liknande tal som hos våre naboar i aust.

Samstundes som nettverksgiganten spelar ei stadig viktigare rolle for kva nyheiter folk konsumerer, slit mediehus landet rundt med å få nok pengar i kassa.

Det er ei kjent sak at digitaliseringa gjer det krevjande for journalistar å følgje opp dei overordna ideala om å vere samfunnets vaktbikkjer og å oppfylle det høgthengane samfunnsoppdraget.

Men desse to situasjonane utgjer ein farleg kombinasjon, som i verste fall kan få alvorlege konsekvensar for den opplyste borgar og demokratiet.

Når vaktbikkja blir klikkjeger

Den amerikanske medievitaren Neil Postman viste i boka Vi morer oss til døde frå 1987 at underhaldningsindustrien esar ut - på bekostning av informasjon som er sakleg og naudsynt i eit samfunn.

Dette synes diverre ikkje å vere noko mindre aktuelt i dag.

Til tider verkar det som om journalistar legg all respekt (for både seg sjølv og for yrket) til side idet ein trykkjer på ”publiser”.

Men publikum likar likevel det dei les.

Faktisk ser det ut til at folket er meir interessert i (og har lettare for å engasjere seg for) lettbeinte saker, framfor tungt nyheitsstoff:

Nettopp dette ser det ut til at mediehusa vel å utnytte når det kjem til kva saker som vert publisert på Facebook som lokkemat til annonsekronene.

I Ver Varsam-plakatens punkt 1.2 står det som kjent mellom anna: Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk.

Dette ser det ut til at fleire nasjonale medier til tider gløymer. Eventuelt ignorerer.

For å illustrere dette vil eg trekkje fram nokre av funna frå bacheloroppgåva mi Når vaktbikkja blir klikkjeger.

Der vart det undersøkt kva type saker fem forskjellige mediehus (TV 2, NRK, P4, Dagbladet og VG) publiserte på Facebook, og i kva grad det samsvarar med samfunnsoppdraget.

Analysen er basert på eit innhenta datamateriale frå eit særs avgrensa tidsrom, nærare bestemt ei veke.

Difor er det ikkje grunnlag for generalisering - men funna er likevel viktige for å beskrive dagens situasjon og viser korleis mediehusa arbeider i utfordrande tider.

For å få ei oversikt over kva type saker mediehusa sine nyheitssider publiserte på Facebook, blei det på førehand definert 19 kategoriar.

Totalt 644 delingar frå dei fem forskjellige mediehusa vart så plassert i desse 19 båsane – som til slutt resulterte i følgjande ”topp fem”-liste:

For å trekkje fram nokre funn:

  • 10,2 prosent av det TV 2 Nyhetene publiserte var eigenpromotering (typisk promotering for underhaldningsprogram som går på kanalen). Kanalens femte mest brukte kategori (tilsvarande 7,2 prosent av totalen) er kjendis.
  • 27,4 prosent av alle sakene VG publiserte i løpet av veka omhandla sport. Dette er nesten det dobbelte av det som har blitt delt nest mest, som var innanriksnyheiter. Klikkvenlege kategoriar som forbrukar, kultur/underhaldning og kjendis er også blant topp fem mest brukte kategoriar.
  • Kun P4 Nyhetene og NRK Nyheter har saker som omhandlar innanrikspolitikk på topp fem. Til samanlikning har VG kun tre av totalt 124 saker som omhandlar innanrikspolitikk. Også Dagbladet og TV 2 Nyhetene publiserte få artiklar om temaet.

Dette viser at teorien til Postman fortsatt er aktuell, og kan få ein til å stille spørsmål ved i kva grad mediehusa oppfyller sitt samfunnsoppdrag, og om dei seriøse nyheitsmediene har utspelt si rolle i sosiale medier.

Oppfyller samfunnsoppdraget i mindre grad i sosiale medier

For å finne svaret på i kva grad det dei forskjellige mediehusa publiserer på Facebook samsvarar med samfunnsoppdraget, måtte dei kategoriane som er mindre vesentleg for oppdraget lukast ut.

Det vart følgjande: kjendis, eigenpromotering, kuriosa, sport, forbrukar, vær og kultur/underhaldning.

Er du som les dette kultur- eller sportsjournalist, har du ingen grunn til å setje kaffien i halsen. Valet er basert på teori på området og sett i forhold til dei type sakene mediehusa publiserte innanfor dei forskjellige kategoriane.

Ikkje overbevist endå? Her skal du få ei kort grunngjeving:

Fellesnemnaren er at dette ikkje er samfunnsviktig informasjon.

At kjendis-, eigenpromotering- og kuriosa-kategoriane ikkje lever opp til informasjonsfunksjonen i samfunnsoppdraget er relativt sjølvforklarande.

Forbrukarsaker er ofte ”DU-journalistikk” og klikksaker. Kultur / underhaldning omhandlar ofte kjendissaker. Værsaker er også ofte klikksaker. Og til trass for at det er samlande for nasjonen å få vite at Marit Bjørgen går inn til gull, står ikkje demokratiet for fall om ikkje sportssaker blir omtalt.

Ofte er også sportssaker ”kamuflerte” kjendissaker om populære sportsprofilar.

Så: Når ein slår saman desse sju kategoriane, ser ein kven av mediehusa som syndar mest når det kjem til å publisere saker på Facebook som i mindre grad er vesentleg for samfunnsoppdraget:

  • VG: 56 prosent (70 av totalt 124 artiklar)
  • TV 2 Nyhetene: 46 prosent (108 av totalt 235 artiklar)
  • Dagbladet: 41 prosent (52 av totalt 127 artiklar)
  • P4 Nyhetene: 25 prosent (8 av totalt 32 artiklar)
  • NRK Nyheter: 21 prosent (27 av totalt 126 artiklar)

Tala frå NRK må sjølvsagt takast med ei klype salt, sett i lys av deira rolle i samfunnet.

For øvrig var 16,6 prosent av det statskanalen publiserte på Facebook innanfor kategoriane sport og kultur / underhaldning, som legitimerast ved at det er nedfelt i NRK-plakaten at NRK skal styrke norsk språk, identitet og kultur.

Den høge prosenten til tre av landets største medier bekreftar derimot hypotesen om at dei oppfyller samfunnsoppdraget i mindre grad i sosiale medier.

Kampen om klikket

Og så er det den uvinnelege jakta på klikket.

Kreativiteten er uendeleg - og til tider flau å vere vitne til.

Klikksakene i mitt materiale omhandla alt frå kjendis- og kuriosasaker, til hendingsnyheiter.

Det kunne vere ein journalist som prøvde å piffe opp ei noko repeterande kjendissak, eller ein deskmedarbeidar som formulerer overskrifta ”Dødsulykke på E6” (som for øvrig strekker seg over 260 mil innanfor landegrensene).

For å finne ut kva av dei 644 artiklane i det innsamla materialet som kunne definerast som klikksaker, gjekk eg ut frå følgjande kriterier:

Facebook-delinga av saka manglar vesentlege og relevante detaljar i presentasjonen, og / eller ho lovde meir enn ho kunne tilby (hovudpoenget er gjort meir sensasjonsprega for å framstå meir attraktivt for lesaren).

Då kom eg fram til følgjande talmateriale:

Klikksaker

Antal

Prosent

Dagbladet

28 (av 127)

22 %

P4 Nyhetene

1 (av 32)

3,1 %

NRK Nyheter

1 (av 126)

0,8 %

TV 2 Nyhetene

61 (av 235)

26 %

VG

23 (av 124)

18,5 %

Tala viser at både Dagbladet, TV 2 Nyhetene og VG har ein høg andel klikksaker.

Som nemnt kan klikksaker vere alle type saker, men ein stor andel av dei er saker som er på sida av samfunnsoppdraget.

Av alle artiklane mediehusa publiserer totalt i løpet av ein dag, er det eit utval som blir presentert på Facebook.

Dersom dei forskjellige mediehusa fokuserer i stor grad på å publisere klikkvenlege artiklar på Facebook (til fordel for til dømes harde nyheiter), kan det tenkjast at dette på lengre sikt kan gå på bekostning av samfunnsoppdraget, den opplyste borgar – og deretter demokratiet.

Snevert nyheitskonsum

Personalisering av nyheitsstraumen (her i form av at ein sjølv bestemmer kva nyheitssider ein vil følgje på Facebook, og dermed sjølv styrer kva nyheiter ein blir eksponert for) kan få konsekvensar for demokratiet.

Fragmenteringstesen viser til at digitale medier bidreg til å svekkje moglegheiter for felles oppleving og felles referanser i eit samfunn, og at ein på den måten endar opp med ”deloffentlegheiter”.

Personalisering av nyheitsstraumen kan også forsterke informasjonskløfter, som ein blant anna kan sjå frå materialet ved at fleire av dei undersøkte mediene publiserer få saker om innanrikspolitikk.

Per i dag er det langt ifrå eit fleirtal som fullt og heilt baserar nyheitskonsumet sitt på Facebook.

Men om dette skulle vere tilfelle kan det tenkjast at nyheitsbiletet vedkomande får med seg er relativt snevert og einsidig, og basert på saker som er på sida av samfunnsoppdraget.

Ut i frå funna i bacheloroppgåva kan ein konkludere med at Facebook-brukarar kan finne viktige saker på Facebook, men i stor grad er det klikkvenlege saker og saker som i mindre grad inneheld samfunnsviktig informasjon.

Mellom børs og katedral

Så kva burde mediehusa gjere når dei er mellom børs og katedral?

Er det mogleg å begrense den store mengda klikksaker og saker som ikkje er i tråd med samfunnsoppdraget – utan at det betyr kroken på døra?

Ein skulle i aller høgaste grad tru at det er mogleg å fokusere meir på å lage journalistikk som gagnar samfunnet, og at publikum vil setje pris på dette.

Nyleg kom det fram at Facebook vil gjere endringar i nyheitsstraumen, der eit såkalla ”clickbait-filter” skal luke ut nettstadene som lagar luretitlar.

Dersom desse algoritmane og filtera på sikt vil fungere også på norsk, blir dei norske mediehusa tvungne til å tenkje nytt – og det er godt nytt for samfunnsoppdraget.

Nytenking må også til når det kjem til dei harde nyheitene.

Trass i labert engasjement og trafikk frå publikum er det viktig at mediehusa prioriterer slike saker for å unngå distansering og mangel på informasjon om verdsbiletet. Ei løysing kan vere at ein tenkjer nytt når det kjem til presentasjon, titling og vinkling på slike saker.

I jakta på klikk og annonsekroner må ikkje mediene gløyme sitt samfunnsoppdrag og sin funksjon i samfunnet. Dei velkjente stikkorda er trass alt informasjon, debatt og samfunnskritikk – ikkje vås, agurknytt og klikkhoreri.

Men det ser likevel ut til at dei seriøse nyheitsmediene ikkje har utspelt si rolle i sosiale medier.

Endå.

Powered by Labrador CMS