Bygdepride-parade.

17. mai for gay og meg: Då skeivingane og lokalmedia fekk meg til å elske bygda. Gratulerer med dagen!

Homodebatten i lokale og nasjonale media er ytringsfridom i praksis. Det går eg i tog for i dag. Og eg håper å sjå nokre regnbogeflagg i toget, skriv Heidi Fagna.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • HEIDI FAGNA, kommunikasjonsrådgjevar og tidlegare journalist

På ein dag som denne smykkar me oss med store ord som demokrati og ytringsfridom. Og det fantastiske er at det er sant.

Det ER alle vaksne i Noreg som bestemmer kven som skal få bestemme over oss. Me KAN seie (nesten) kva me vil.

Denne retten medfører noko som fell mange tungt for brystet:

Også alle andre har ytringsfridom.

Du kan seie det du meiner, men du risikerer å bli motsagt. Og du risikerer at andre vil pynte seg annleis enn deg på nasjonaldagen.

Heidi Fagna.

Dei kan til og med bruke andre flagg enn du gjer. Eit flagg er eit symbol, og slike kan sjølvsagt brukast som ein vil, så sant ein ikkje vil bruke naziflagget.

Dermed er det innanfor å feire den norske nasjonaldagen både med det samiske flagget, FN-flagget, flagg frå andre land og regnbogeflagget.

Ein som har brukt ytringsfridomen det siste året, er pastor Hans Reite i Nytt Livs Senter i Ørsta.

4. oktober 2017 skulle kristne på Sunnmøre samlast til eit møte som media ikkje skulle vite om. Der skulle dei få høyre føredrag om homofili og Bibelen, men «for å unngå opphausing og strid» var det ikkje meininga at media skulle få vite om det. Studentmediet Nærnett fekk likevel nyss i saka.

Møtet provoserte mange, og då oppstod ideen om landets, truleg verdas, første Bygdepride.

I november skreiv Hans Reite eit lesarinnlegg om saka i lokalavisa Møre. Han kunne ikkje sjå behovet for markering av skeive legningar, og han meinte dei homofile burde halde handlingane sine i det skjulte.

Han har sidan sagt til NRK at homofilt levesett er motbydeleg for Gud.

Det var her det tok av. Både i lokalavisa og på Facebook var det mange som protesterte kraftig. Den mest profilerte var landbruksminister Jon Georg Dale, som bad Reite la Herren ta seg av dømminga av levande og døde.

Då det vart kjent at landets første Bygdepride skulle finne stad i mai, bestemte Reite seg for å arrangere ein motparade, ein såkalla Jesus-marsj, to veker før Pride-arrangementet.

Dei tretti deltakande hadde parolar som «Ja til ekteskapet som Guds skaperordning for ein mann og ei kvinne» og «Vi ber om tilgjeving for vårt lands synder». Det er fritt fram å meine dette, og det er fritt fram å marsjere. Og så er det fritt fram for oss trege å innsjå at her er ei sak ein må engasjere seg i.

For dette handlar om det heilt grunnleggjande i det å vere menneske: Å få vere eit fritt menneske.

Jesus-marsjen.

Kvifor skal andre legge seg opp i kva vaksne gjer frivillig saman?

Då paradedagen kom, var der ei heilt overveldande mengde glade folk og regnbogeflagg i gatene. Ifølgje politiet var det over 2000 menneske i paraden, og mellom 1.000 og 2.000 i gatene rundt, skriv Møre-Nytt.

Der var ein del av det ein kan kalle homoaktivistar, men det var flest andre: politiske parti, russebilar, idrettslag, kristne organisasjonar og ungdomsorganisasjonar.

Heile 50 ulike lag og organisasjonar var påmelde. Sjølv gjekk eg bak fana til Høgskulen i Volda, saman med over 200 andre som ville markere at skeive er aksepterte og velkomne i bygdenoreg.

Eg hadde med meg barnet mitt på nesten fire år. Då eg skulle forklare han kva me skulle vere med på, sa eg at «vanlegvis vert gutar forelska i jenter og jenter vert forelska i gutar, men av og til er det slik at gutar vert forelska i gutar og jenter vert forelska i jenter. Og det er det… eh…. ikkje alle som… eh… synest er greitt.»

Han såg tomt på meg. Han elskar fiskebollar, tog, å ha besøk av vener og å sjå at pinnesamlinga veks. For eit barn er det utenkeleg å setje grenser for kjærleik, også mellom menneske.

Eg trur dei som er barn i dag kjem til å halde på den openheita heile livet.

Debatt i lokale og nasjonale media er ein grunnstein i eit fungerande demokrati. Det kan lære oss mykje om kva folk tenkjer.

Og heldigvis har me alle rett til å både tenkje og å uttrykke oss.

Bygdepride handlar om å vere stolt skeiving på bygda. Eg er ikkje skeiv, og det er meiningslaust å snakke om å vere stolt hetero. Men stolt av bygda er eg, og det er viktig.

Eg flytta til Volda for tre år sidan, og eg kjenner i heile meg at Bygdepride gjer bygda større og betre. Mangfald gjer båsane vidare for oss alle.

Nasjonaldagsfeiringa handlar om fridom. Pride-markeringar handlar om fridom. Homodebatten i lokale og nasjonale media er ytringsfridom i praksis.

Det går eg i tog for i dag. Og eg håper å sjå nokre regnbogeflagg i toget.

Gratulerer med dagen!

Powered by Labrador CMS