Nathalie Eyde Warembourg, Country Manager, IPSOS. Her på Social Media Days 2019.

Social Media Days:

– 2019 er året for podkast!

Færre ser tv, ungdommane forlét Facebook – men Nathalie Eyde Warembourg i IPSOS viser til ein stor vekst i podkastlytting.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Alle er på sosiale medium, men ein deler ikkje lenger. Chat-funksjonen går opp, og det vesle me deler, deler me ikkje med alle. Meir og meir skjer privat, sa Nathalie Eyde Warembourg på Social Media Days i Oslo Kongressenter tysdag føremiddag.

Ho er Country Manager i marknadsanalyseselskapet IPSOS.

– «Heavy users» er kvinner 18-29 år. Dei er lojale, og brukar det kvar dag – like mykje som før – ifølgje våre tal, sa ho vidare. Dette er funn etter å ha spørt 6.000 personar over 18 år i heile landet.

 

Færre ser tv

Etter tal frå Kantar Medias Interbuss-undersøking frå desember kunne marknadsdirektør Ingvar Sandvik slå fast at Facebook på rekordtid hadde blitt eit «gamlismedium».

Det er ikkje Eyde Warembourg einig i.

Nathalie Eyde Warembourg, Country Manager, IPSOS. Her på Social Media Days 2019.

– Facebook er ikkje eit gamlismedium, men brukarane vert eldre, og vert vald bort av ungdommen.

Medan tv-tittinga går ned, er IPSOS tydelege på at streaming vert ein stadig viktigare del for nordmenn.

– Færre ser på lineær-tv, men 21 prosent av nordmenn strøymer kvar dag. Det veks stadig raskare.

 

Favorittkanalen

Det som likevel vekkja mest entusiasme hos Eyde Warembourg er podkast-lytting, som har vore i sterkt vekst dei siste åra.

– Mange har spurt om 2019 er året for podkast, og i dag kan me seie at om lag 1,3 millionar nordmenn lyttar til podkast månadleg. I første kvartal 2017 var det tale 24 prosent.

– 2019 er året for podkast! Det er min favorittkanal, sa ho.

Ifølgje IPSOS siste rapport er 56 prosent av podkastlyttarane menn, med ei overvekt av folk i byar.

– I tillegg er det ofte folk med utdanning og høg inntekt, sa ho vidare. Og så har me unge, 18-29, som lyttar til podkast.

– Det bør pirre dykkar nysgjerrigheit, sa ho vidare.

– Humor er det folk lyttar mest til. Det er heilt på topp i Norge, sa ho avslutningsvis.

Powered by Labrador CMS