Esther Moe svarer Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.
Esther Moe svarer Arne Jensen i Norsk Redaktørforening. (Foto: rik Waatland/Ole Alexander Saue)

DEBATT

Å trilla moralsk terning eller å bedriva analyse?

«Skal PFU vera ein slagkraftig og truverdig instans, høyrer analysen med», skriv Esther Moe i sitt svar til Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

  • Endret

 

Så rart som det kan høyrast, i sin kommentar om mediesynsaranes synspunkt om PFU si behandling av VG versus Sofie, kan det verka som at generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen meiner det aviser og redigerte medier heile tida gjer, er for nedrig å driva med for Pressens Faglege Utval (PFU).

«PFU er ikke et sted for å trille moralsk terning på journalisters og redaktørers indre liv», slår Jensen fast om utvalsmedlem Liv Ekebergs meining om at VG-saka er ein skamplett.

Underteikna har uttrykt forundring over at utvalets fleirtal ikkje ville slutta seg Ekebergs konklusjon om saka og metodane er eit skuleeksempel på kampanjejournalistikk.

Ikkje rart i det heile tatt, meiner Jensen, fordi: «I det øyeblikket utvalget begynner å spekulere fritt i motiver og mulige bakenforliggende forhold, vil utvalget raskt stå i fare for å miste sin autoritet». 

Fri spekulasjon er ein berre fri til når ein manglar fakta på bordet.

Når tilgangen på dokumenterte fakta er god, er det journalistar si fordømte plikt å begynna på analysen.

PFU og utvalsmedlem Ekeberg hadde ingen faktatørke då dei behandla klagen frå Sofie. Knapt noko mediesak i nyare historie har vore tilsvarande endevendt og dokumentert når det gjeld sjølve handlingsforløpet.

Alt er på bordet og vel så det. Frå video-tipsaren sine interesse-aksjer med tanke på Trond Giske si posisjon i partiet, til korleis Sofie blei pressa og vridd og vrengt og korleis sitata hennar blei publiserte, trass at dei ansvarlege visste at ho ikkje stod inne for det.

Hadde pressa avdekt ein tilsvarande prosess hjå ein annan makt-aktør, hadde me fått lesa leiarartiklar og kommentarar utan nødvendige analysar av beveggrunnar? Eller som betakka seg for å trekkja ansvarlege til ansvar fordi ein ikkje ville kasta moralsk terning?

Neppe, og det håpar eg inderleg aldri vil skje. 

For det er pressa sitt oppdrag. Å hamra ut puslespelbitane, leggja dei på bordet og deretter setja dei saman.

Eg vil snu på flisa. Skal PFU vera ein slagkraftig og truverdig instans, høyrer analysen med.

For den som står nær, slik kollegaer gjer, er det vanskeleg å sjå forbi menneska i rollane som er utsette for kritikk. Jensen konstaterer at ingen likar å få kritikk i PFU, og at kollega-kritikk svir. 

Sjølvsagt. Men etter det Sofie, Trond Giske, deira pårørande og lokaldemokratiet i Trøndelag Ap har vore gjennom som ein konsekvens av denne saka, blir det litt nærsynt å trekkja fram litt svie som ein tøff konsekvens for dei ansvarlege.

Var det ikkje ein agenda bak dette einspora kjøret som er dokumentert, må nokon fortelja kva det elles var. For eg nektar å tru at mediehus behandlar kjelder og folks liv på den måten berre fordi dei kan eller fordi dei finn glede i det.

Til toppen