Svein Atle Huus, regiondirektør i Amedia. Ingvald Husabø, eigar, Per Jarle Lunde, eigar og Are Stokstad, konsernsjef i Amedia.

Amedia kjøper Sogn Avis

Det kjem fram i ei pressemelding.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Amedia blir ny eigar av Sogn Avis i Leikanger. Mediekonsernet har inngått avtale med Husabø Invest og Per Jarle Lunde om å overta deira samla eigardel på 89,5 prosent i avisa. Transaksjonen omfattar også 40 prosent av aksjane i Ytre Sogn Avis, står det i ei pressemelding.

– Me kjenner Sogn Avis godt og er trygge på at me som nye eigarar kan bidra substansielt til vidare utviklinga av ei viktig lokalavis. Dei betydelege investeringane Amedia har gjort for å skreddarsy digitale løysingar for lokalaviser vil Sogn Avis no dra nytte av både redaksjonelt og kommersielt, seier konsernsjef Are Stokstad i ein kommentar.

Jan Inge Fardal er leder for Vestafjelske Redaktørforening og til daglig redaktør i Sogn Avis.

Amedia har lenge samarbeidd tett med Sogn Avis i annonsemarknaden, og på trykk og distribusjon. Konsernet har gjennom Firda Media hatt ein eigarpost i avisa på 10,5 prosent.

Amedia eig frå før Firda og Firdaposten i Sogn og Fjordane.

Sogn Avis er den nest største avisa i Sogn og Fjordane og kjem ut fem dagar i veka med eit opplag på 8.253. Mediehuset omset for 42 millionar kroner i året og sysselset 22 årsverk. 

– Det er rett for den vidare utviklinga at Sogn Avis blir ein del av eit større fellesskap, og me er glade for at Amedia nå tek over. Avisa treng den spisskompetansen Amedia har på digitalisering og utvikling av lokalaviser. Dette vil bidra til å sikra at Sogn Avis kan gjennomføra det digitale skiftet på ein god måte og trygge sin viktige posisjon i lokalsamfunna avisa tener, seier Ingvald Husabø, som er dagens hovudeigar i avisa med 81,5 prosent av aksjane.

Powered by Labrador CMS