Amedia skal kutte ti tilsette i Buskerud og Vestfold. Tillitsvalde reagerer på prosessen

Det stadfestar regiondirektør Øystein Bladt Hagen til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Inntektsfall i Amedia Buskerud og Vestfold gjer at konsernet kuttar ti salsstillingar i regionen, får Medier24 opplyst av regiondirektør Øystein Bladt Hagen.

– Frå 1. januar 2016 og med utgang av 2019 har me mista 40 prosent av omsetnaden i vår region, seier han til Medier24.

 

Har ikkje bestemt kuttnivå

Konsernet skal kutte éin salssjef og ni seljarar både inne og ute. Bladt Hagen seier at dei ti tilsette skal vere nedbemanna innan utgangen av 2020.

– Me har eit løp om at me skal ned nokre årsverk inneverande år, nokre fram til sommaren, og nokre andre halvår neste år, seier Bladt Hagen.

Øyvind Bladt Hagen er regiondirektør for Amedia Buskerud og Vestfold.

Han seier at uroleg utvikling i marknaden vil føre til ytterlegare 10-11 prosent fall i 2020 og 2021. Det er årsaka til at dei no må ta grep.

– Eg er nøydd til å gjere reduksjonar i salsstaben, når me ikkje har gjort noko med staben sidan 2017. Då må me tilpasse kostnadane til marknaden, seier han vidare.

Amedia informerte dei tilsette på eit allmøte nyleg. Dei har enno ikkje diskutert med tillitsvalde kva dei skal tilby dei tilsette som no må ut dørene.

– Me har ikkje bestemt kor mykje me skal kutte i kroner og ører, seier Bladt Hagen.

Amedia region Buskerud/Vestfold inneber avisene Drammens Tidende, Sandefjords Blad, Tønsbergs Blad, Østlands-Posten, Gjengangeren, Svelvikposten, Røyken og Hurums Avis, Sande Avis, Lokalavisen Øyene, Lierposten, Laagendelasposten, Jarlsberg Avis, Eiker Bladet og Bygdeposten.

 

Tillitsvald: – Overdramatiserer

Parat-tillitsvald Tone Jørgensen for salsavdelinga i Drammens Tidende seier til Medier24 at dei kjem til å reagere overfor leiinga om korleis dei har handtert situasjonen.

– Dette er ikkje drøfta før avgjerda er teken, så det kjem me til å reagere på. Me har eit avtaleverk for ein grunn. Då er det rimeleg å forvente at begge partar steller seg til det, seier ho til Medier24.

– Kva er bodskapen til leiinga?

– Det må me ta i drøftingane.

Jørgensen meiner i tillegg at dei overdriv den negative utviklinga i marknaden.

– Kom det overraskande på?

– Både ja og nei. Me kjenner litt lusa på gangen, og ser symptoma før det smell. Det er likevel litt overraskande sidan me sit med ei oppfatning av at dei overdramatiserer situasjonen slik den er på noverande tidspunkt, seier ho.

Ho meiner det er uforsvarleg å kutte ein fjerdedel av salsavdelinga.

– Eg klarar ikkje å sjå korleis det er forsvarleg. Då tapar me berre ytterlegare inntekter. Det er meir å hente der ute. Problemet er ikkje mengda kundar, men prisnivået, då programmatiske annonsar digitalt dreg ned prisane, seier Jørgensen.

Powered by Labrador CMS