Silje Andvik Hoaas

Sommarpraten

Silje er sjølvutnemnd ambassadør for glede og galskap på jobben og har gjort utruleg mykje rart

– Eg blir ikkje flau i situasjonen, men det hender at eg har augneblink etterpå der eg lurar på kva folk tenkjer.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. I tillegg får me høyra litt om kva slags tabbar vedkomande sjølv har gjort på jobb og kva råd dei vil gje andre som ønsker lukkast i bransjen.

I dag er det Silje Andvik Hoaas, avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon i Alver kommune, som svarar.

– Kva gjer du i sommar?

– Vi spurte kva yngstedottera vår på 10 år hadde mest lyst til, og har innfridd hennar største ønske: Ei skreddarsydd ekstremsportveke på Voss. Vi skal bu på hotell, ete ekstra god mat, fly i vindtunell, klatre, rafte og gå i fjellet. Når vi ikkje er på Voss håpar vi på godvêr, slik at vi kan vere mest mogleg ved og på sjøen i øyriket vårt Austrheim, heilt nord i Nordhordland – gjerne med gode venner og familie!

– Kva låt gjev deg mest sommarkjensle?

– «13 Humler» med Vamp! Songen vekkjer alltid godkjensla og får meg til å tenke på eigne barndomsminne: Sommarferie i hytta «på landet» med bading, kandissukker, barn i nabohyttene, hesjing og hopping i høyet (når vi fekk lov), grytidlege båtturar med besten (sidan det er då fisken bit best) og rabarbragrauten til bestemor.

– Korleis oppsummerer du 2021 i kommunikasjonsbransjen så langt?

– To ord: Digitalt kvantesprang! Det er spennande å sjå kva Teams har gjort med arbeidskvardagen vår. Vi kommuniserer og samhandlar lettare og meir effektivt. Det blir fint å møtast fysisk på den andre sida av pandemien, men eg gler meg også til å sjå kva den digitale kompetansen vi har bygd i fellesskap det siste året opnar av moglegheiter i ein stor organisasjon som Alver kommune.

– Kva bransjeperson har imponert deg i år?

– Eg veit ikkje kva han heiter, men Stavanger kommune har ein kommunikasjonsrådgjevar som inspirerer og underheld med innlegga han delar på Facebook. Vi (les: kommunikasjonsavdelinga til Alver) blir stadig begeistra og imponert over korleis han klarar å få tunge og kjipe tema til å bli artige og lettbeinte! Han er eit stort forbilde, som gjerne må komme på besøk til Alver – om han er på desse traktar.

– Kva er årets flause til no?

– Familien som let pandemi vere pandemi og stod fram på tv rundt juletider – med fullt namn og bilete – og fortalte at dei berre «måtte» dra til Syden.

– Kva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Eg er sjølvutnemnd ambassadør for glede og galskap på jobben og har gjort utruleg mykje rart. Eg blir ikkje flau i situasjonen, men det hender at eg har augneblink etterpå der eg lurar på kva folk tenkjer. Til dømes då eg hadde peptalk med 150 tilsette frå dei gamle Alver-kommunane Lindås, Meland og Radøy på YT-stafetten til Knarvikmila – med ropestemme i megafon. Eller då eg og ein god kollega arrangerte stille lengde i gangane på alle dei tre gamle rådhusa som oppvarming til den same stafetten.

– Kva er ditt beste råd til ein som ønsker å lukkast i kommunikasjonsbransjen?

– Først og fremst: Gjer ein god jobb og lever når du skal. Men også: By på deg sjølv! Om du tør å vere litt personleg (ikkje privat) kan du skape tillit og byggje gode relasjonar til andre både i og utanfor eigen organisasjon. Relasjonar er gull i vår bransje!

Powered by Labrador CMS