Trym Helge Aafløy (Folkeaksjonen nei til mer bompenger) under partileiardebatten på TV 2 onsdag.
Trym Helge Aafløy (Folkeaksjonen nei til mer bompenger) under partileiardebatten på TV 2 onsdag. (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix)

Arbeidarpartiet brukte VG sitt bilete av Trym Aafløy utan lov

Partiet legg seg flat.

Det er NRK Hordaland som torsdag skriv at Bergen Ap onsdag la ut eit sponsa Facebook-innlegg kor dei hadde brukt eit bilete av toppkandidat Trym Aafløy ved Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB).

Biletet var VG sitt – og partiet hadde ikkje spurt avisa om lov, skriv statskanalen.

«Takk for at du gjorde oss oppmerksom på det – her har det gått litt fort i svingen. Vi sletter og legger ut en ny versjon», skriv valkamprådgjevar Magnus Hoen Iversen i en SMS til NRK.

Nyheitsleiar Trond Olav Skrunes skriv til NRK at VG som utgangspunkt ikkje sel bilete til politisk reklame.

«Dette ville vi selvsagt informert Arbeiderpartiet i Bergen om, dersom de hadde spurt», skriv Skrunes.

Til toppen