Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal.
Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal. (Foto: Privat)

Sommerpraten

– Årets flause til no er seansen i Grieg­hallen der Steve Bannon må ha trudd at han var på eit speidar­møte

Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal summerer opp årets første mediehalvår og avslører sommarplanene sine.

I «Sommerpraten» stiller Medier24 ei rekkje personar i og tett på mediebransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. Nestemann ut er Jan Inge Fardal i Sogn Avis.

– Korleis summerer du opp første mediehalvår 2019?

– Mykje VG - på godt og vondt. Tolgasaka og Giskes dansevideo. Elles har arbeidet med mediestøttemeldinga vore viktig, men den er berre eit lite musesteg i rett retning. Det er viktig, viktigare enn nokon gong - at det kjem på plass ei støtteordning som er moderne og tilpassa alle - og som ikkje favoriserer sokalla nr.2-aviser og «meiningsberande» aviser på den forhistoriske måten som i dag. Posten gidd eg ikkje meina meir om, nett no.

– Kva er årets flause til no?

– Seansen i Grieghallen der Steve Bannon må ha trudd at han var på eit speidarmøte. (Enkelt å skriva for meg som ikkje var til stades sjølv)

– Kva bransjeperson har inspirert deg i år?

– Jens Kihl - uredd, flink, allsidig og alltid aktuell kommentator - på nynorsk!

– Kva gjer du i sommar?

– Jobbar ei stund til - så tradisjonell ferie med mange gode vener på en lille dansk ø eit par veker i månadsskiftet juli/august. Like moro kvart einaste år!

– Kva medievanar tek du med deg på ferie?

– Sjekkar SA-appen på mobilen stadig vekk! (Ok - er innom fleire andre aviser og NRK kvar einaste dag)

– Kva er den største tabben du har gjort som sommarvikar? 

– Eg fotograferte ein toppkamp i fotball i ein heil omgang utan å ha film i kamera. Gjekk glipp av fleire skåringar.

– Kva er ditt beste råd til årets sommarvikarar?

– Ver uredd, open og nysgjerrig. Og ikkje minst - ta initiativ! Føreslå saker og tema du vil ta opp - som du vil finna ut av. Det blir alltid betre enn om vaktsjefen lesse saker på deg.

Til toppen