Artist Kjartan Lauritzen og distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Hordaland.
Artist Kjartan Lauritzen og distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Hordaland. (FOTO: akam1k3/Vibbefanger og Ole Alexander Saue)

Artist Kjartan Lauritzen ut mot NRK Hordaland: – Ynkeleg

NRK Hordaland beklaga etter å ha spelt ein Kjartan Lauritzen-låt i ei morgonsending. No reagerer artisten overfor Bergens Tidende.

Det var tysdag at Bergens Tidende trykte eit lesarinnlegg av Gunnar Johnstad, som reagerte på at NRK Hordaland hadde spelt av Kjartan Lauritzen si låt «Fredag» i ei morgonsending fredag 19. juli.

«Hvordan kan en sang med en så vulgær tekst med banning, fyll og sex som hovedingredienser bli spilt? Spesielt med tanke på den meget brede P1-målgruppen, som inkluderer barn og unge», skreiv Johnstad.

Han reagerte spesielt på teksten:

Ååå herregud, eg kjenne det i skrittet
Det e torsdagsmårro
men det e i mårro det skal klikke …
Full og tida den blir borte med ei jente oppå skrittet
Ho har ikkje på seg skjorte

Eg skal no fortelle om ei vekentlig rutine
Meg og mine venna drikke til alle e heilt på tryne …
Klokka bikka snart fire
Jenter rister på rumpene Gutta titte på stumpene
Kæxar bruke henda for å simulere pumpene 

Dyveke Buanes, distriktsredaktør i NRK Hordaland, la beklaga og skreiv i eit svar til BT at dei skal lære av glippen

«Vi ser nå at vi burde sjekket teksten først, for dette ble feil musikkvalg i vår morgensending. Derfor vil jeg beklage til alle som er blitt støtt denne fredagen, og den vil nok ikke bli valgt hos oss igjen», skreiv ho.

Det får Kjartan Lauritzen til å reagere.

– Fordi ein fyr reagerer på låten min, så legg Noregs største radiokanal seg på rygg som eit ynkeleg krypdyr. Det er skremmande, seier Balestrand-artisten Kjartan Lauritzen, som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne, til BT.

Om kritikken seier Buanes mellom anna:

– Det handlar om innhaldet i tekstane. Han syng blant anna «Kæxar bruke henda for å simulere pumpene». Vi er gjerne litt mildare i morgontimane i NRK P1. Men det er ikkje snakk om sensur, men om å vere bevisst på innhaldet i låtane. Vi må vere bevisst innhald i tekstar på same måte som vi må vurdere innhald i saker vi sendar. Det var vi ikkje her, og det skal vi lære av.

Til toppen