Avisveteran fikk hederspris: – En god og skarp penn

Avisa Hordaland-veteranen Sigrid Seim ble hyllet av sine egne etter 40 år som journalist.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Avisa Hordaland-veteranen Sigrid Seim fikk fredag kveld Bergen Journalistlags hederspris. 

Prisen ble delt ut på Voss, ettersom Gullparaplyen denne uken ble utsatt grunnet koronasmitten i Bergen.

Det var Avisa Hordaland selv som først omtalte saken.

– Det var et eller annet som gjorde at jeg ante ugler i mosen, sier Seim, som pensjonerte seg i vår etter over 40 år i avisen.

Dette var Bergen Journalistlags begrunnelse:

«Det finst dei journalistane som skaper seg eit namn ved å slå i bordet, rope høgt og ta plass. Ikkje minst har vi hatt nokre sånne her vest. Så finst det dei som blir hugsa rett og slett fordi dei gjorde jobben sin. 

Sigrid Seim tok til i Hordaland i siste halvdel av syttitalet, og har såleis over førti års fartstid i avisa. Ho har arbeidd på hovudkontoret på Voss og på lokalkontor i Granvin. På den tida har ho sett ein redaksjon som har vakse jamt og trutt og gjeve lesarane eit stadig betre tilbod.

Det viktigaste ei lokalavis kan gjere, er å vere der for lesaren både i solskin og ruskevêr. Ein sånn journalist har Sigrid vore - på alle felt. Med eit hjarte for det nynorske avisspråket har ho vist at det fint går an å gje gode lesaropplevingar også når det er dårleg tid til neste frist.

Sigrid har engasjert seg i Norsk Journalistlag, mellom anna som klubbleiar. No er det tid for å nyte pensjonistlivet. Dermed vil ei god og kvass penn bli sakna av både kollegaer og lesarar i Hordaland.

Eit slikt livsverk for journalistikken er verdt å setje pris på. Det er derfor ei stor glede for meg å tildele Sigrid Seim heidersprisen frå Bergen Journalistlag. Tusen takk for innsatsen!»

Powered by Labrador CMS