Statsminister Erna Solberg (H) snakka til Facebook live etter generalprøve i Operaen før regjeringa sin festmiddag for kongeparet i høve deira sine 80-årsdagar i 2017.
Statsminister Erna Solberg (H) snakka til Facebook live etter generalprøve i Operaen før regjeringa sin festmiddag for kongeparet i høve deira sine 80-årsdagar i 2017. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Fersk undersøking:

Berre éin av ti stolar på politikarane sine kampanjar og løfter i sosiale medium

– Eg oppfattar oss ikkje som svulstige i sosiale medium, svarar Venstre.

Nyleg skreiv Medier24 at fleire stortingsparti vrakar annonsering i papiraviser og brukar dei fleste av annonsemidlane i sosiale medium som Facebook, Instagram og Snapchat.

No visar ei fersk InFact-undersøking for Medier24 at berre 9,4 prosent stolar på politikarane sine kampanjar og valløfte i sosiale medium.

– Det er ikkje slik at du gjer eit godt val berre fordi du brukar sosiale medium. Høgre kjem til å ha den mest avanserte Some-avdelinga, men dei kjem ikkje til å gjere eit godt val.

 

Forhandling

Ketil Raknes
Ketil Raknes ved Høyskolen Kristiania.

Det seier Ketil Raknes, høgskulelektor i kommunikasjon på Høyskolen Kristiania. Han har vore politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet og statssekretær i Miljøverndepartementet for Sosialistisk Venstreparti. Raknes har i tillegg vore seniorrådgjevar i Burson-Marsteller.

Han er ikkje overraska over funna i undersøkinga.

– I eit fleirpartisystem er kampanjeløfte ein rørleg storleik. I 90 prosent av høva vil parti love noko, og få litt av det etter at dei har forhandla med andre parti, seier han.

Saka held fram under grafen.

 

  • InFact spurde 1.009 personar i Norge over 18 år 5. august. Feilmargin maks tre prosentpoeng.

 

– Som regel bra og balansert

Høgre er blant partia som nyttar mest ressursar på annonsering og kampanje i sosiale medium som Facebook og Snapchat. Kampanjesjef Thoralf Granerød i Høgre tykkjer det er ei vanskeleg spørsmål å svare på.

Thoralf Granerød, kampanjesjef i Høgre. Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen

– Utfordringa vår er at sosiale medium er så mangfaldig, og då er det vanskeleg for brukarane å vite kva som er seriøse ting frå partiet, og kva som er fake news og andre forstyrrande element, seier han.

Han tykkjer norske politiske parti stort sett opptrer ærleg i sosiale medium.

– Det dei går ut med er som regel bra og balansert.

Han legg til:

– Ein skal hugse på éin ting, og det er at ein i valkampsamanheng ofte ynskjer å mobilisere sine eigne veljarar.

– Partia når nok ut til sine basisveljarar i sosiale medium. Elles er inntrykket at folk flest ser veldig mykje der ute som dei ikkje orkar å ta omsyn til.

 

– Ikkje for svulstige

Steinar Haugsvær, kommunikasjonssjef i Venstre. Foto: Mona Lindseth

Steinar Haugsvær, kommunikasjonssjef i Venstre, fortel at partiet satsar tungt i sosiale medium – på same nivå som under stortingsvalet i 2017.

– Eg trur alle politikarar, frå alle parti, forsøker å halda valløfta sine, seier han.

– Sjølv merkar eg, som samarbeider med mange kommunar i Norge, at valløfte er ting politikarar verkeleg ynskjer å gjennomføre.

Han tykkjer sjølv dei ikkje tek for hardt i i sosiale medium.

– Eg oppfattar ikkje at me, i dei kampanjane me har laga, har vore for svulstige og kome med umoglege løfter.

 

– Obama trefte ekstremt bra

Raknes, ved Høgskulen i Kristiania seier – som Medier24 rapporterte måndag – at det er ein tydeleg tendens at annonsane vert flytta over frå tradisjonelle- til sosiale medium.

– I land som Norge er det endå mindre overraskande. I Norge har me ikkje hatt tv-reklame, og partia har hatt veldig små budsjett for annonsering generelt, seier han.

Raknes peiker spesielt på tidlegare USA-president Barack Obama sine valkampkampanjar i 2008 og 2012.

– Obama vart genierklært fordi han brukte sosiale medium – men han hadde ein bodskap som trefte ekstremt bra.

Til toppen