Brage Fellheim Wiik, påtroppande frontsjef i iFinnmark.
Brage Fellheim Wiik, påtroppande frontsjef i iFinnmark. (Foto: Privat)

FOLK

Kommentatorson Brage Fjellheim Wiik (21) blir frontsjef i iFinnmark

Brage Fjellheim Wiik går frå storebror Nordlys.

– Det er sjølvsagt likskapar mellom oss, men han er nok litt kvassare og meir direkte enn meg.

Det seier Brage Fjellheim Wiik (21) til Medier24 om pappa og politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, som veit å både provosere og engasjere.

– Men det kjem kanskje med alderen, seier den unge journalistspiren.

Og no er det som frontsjef i iFinnmark han skal aldrast, og ikkje i Nordlys, kor han har jobb av og på sidan han var 14 år gammal.

Ansvarleg redaktør i iFinnmark, Arne Reginiussen, er nøgd med sin nye frontsjef.

– Han er ein dyktig ung mann. Me er veldig glad for å få han med på laget. Han har arbeidd lenge i Nordlys, og er veldig dyktig til alderen, så dette vert ei god signering, seier han til Medier24.

 

– Bra å hente frå storebror

Nordlendingen er blant dei stadig færre som går «gamleskulen» på veg inn i mediebransjen. Utan utdanning har han erfaring både redaksjonelt og kommersielt. Den siste tida har han arbeidd i Bladet Nordlys sitt byrå for innhaldsmarknadsføring, kommunikasjon og reklame, NordlysLAB.

– Men eg har sakna journalistikken. Eg trur det vert veldig bra i iFinnmark. Eg var oppe og såg på forholda førre fredag, og det verka som ein triveleg gjeng. Dei er òg langt framme på dette med streaming, og det er mange ting å gleda seg til, seier han.

– No er ikkje utdanning lagt heilt daudt – enno – men eg har fått veldig mykje arbeidserfaring og har arbeidd med veldig mange flinke journalistar i Nordlys, legg han til.

I sin nye jobb skal han veksle mellom frontsjef- og journalistjobbing.

Reginiussen er glad for å ha rekruttert nok ein ung journalist.

Arne Reginiussen, ansvarleg redaktør i Finnmark Dagblad og iFinnmark. Arkivfoto: Gard L. Michalsen

– Det er bra me kan hente litt frå storebror, og at det ikkje berre er omvendt. Me har eit veldig ungt miljø, så dette kjem til å bli bra, seier han.

– Men er han lik Skjalg?

– Han jobbar jo med andre stoffområde enn Skjalg, og er ingen «meiningsjournalist», men heller ein nyheitsjæger. Elles veit ikkje eg om det er likskapar, seier han.

 

– Pappa har ikkje lært meg mykje

Ambisiøs er iallfall den nye iFinnmark-frontsjefen, som sender eit lite stikk i retning far:

– Eg har komen lenger enn det han har komen då han var på min alder.

– Skal du nå lenger enn han?

– Om det held fram i dette tempoet, så vert det ingen konkurranse. Kanskje eg må roe ned litt, seier han.

Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys
Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys. Foto: Erik Waatland

– Kva har du lært av han?

– Eg veit ikkje om han har lært meg så mykje. Me jobbar med litt forskjellige ting, seier han.

 

Allsidig

Og tenk ein liten tenkjepause, og legg til, noko meir audmjukt:

– Det er klart at ein ser litt opp til han.

No ser han fram til å arbeidde allsidig og med ulike stoffområder i iFinnmark. Tidlegare har han hovudsakleg jobba med sport.

– Det vert nok ei god blanding. Det vert for einsidig å berre jobbe med eitt område. I den nye jobben skal eg få jobbe veldig allsidig, seier han.

Til toppen