Kjersti Mjør.

BT-journalist Kjersti Mjør vann Kulturdepartementets nynorskpris

– Det er veldig stas, seier ho til eigen avis.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Journalist i Bergens Tidende (BT), Kjersti Mjør, har fått nynorskprisen til Kulturdepartementet, skriv BT sjølv.

– Det er veldig stas og eg kjenner meg stolt når eg ser kva rekke av dyktige journalistar som har fått prisen før meg. Takk, Ivar Aasen, seier no eg, for at vi har eit språk å skrive på. Eg kjenner òg på gleda over å kunne jobbe i ei avis der eg kan bruke språket mitt og skrive slik det er naturleg for meg. Det er ikkje sjølvsagt, seier Mjør til eigen avis. 

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. 

Her er grunngjevinga til juryen: 

Kjersti Mjør har ei særeigen journalistisk stemme som har sett sterkt preg på Bergens Tidende gjennom mange år. Sakene hennar er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor.

Språket til Kjersti Mjør er klart og presist. Ho kan få fram dramatikk og kjensler utan store ord og utbroderingar. Setningane er ofte korthogde med litterære kvalitetar. Når du les ei langsak av Mjør, kan det kjennest som å lese ein liten roman.

Eit særleg kjennemerke ved Mjørs journalistikk er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål. Der andre journalistar stoppar når aktualiteten har gitt seg, har ho fleire gonger gått vidare og utforska historia bak historia. Ho har ei særleg evne til å skildre folka og deira liv og lagnader.

Prisvinnaren er ein av landets beste portrettørar. Det viste seg ikkje minst gjennom podcast-serien «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» som BT hadde i fjor. Fleire har vore involverte i prosjektet, men det har eit sterkt avtrykk av Kjersti Mjørs journalistikk. Humor, varme og djupne pregar intervjua.

Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør. Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho finn og gjer historiene nære og relevante for alle.

Kjersti Mjør (1965) kjem frå Kvanndal i Granvin. Frå 1989 til 1997 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland og NRK P2. Ho har no vore journalist i Bergens Tidende i over 20 år.

Powered by Labrador CMS