Gregor Falkner, marknadssjef Dag og Tid.
Gregor Falkner, marknadssjef Dag og Tid. (Foto: DAG OG TID)

Dag og Tid lanserer lydavis

Vil gjere utvalde tekstar frå avisa tilgjengelege som lydartiklar.

Dei første artiklane vert tilgjengelege allereie måndag, skriv avisa i ei pressemelding.

– Det handlar om å gje eit betre digitalt tilbod til lesarane våre, seier Gregor Falkner, marknadssjef i Dag og Tid.

– Ein kan lytte til lydavisa medan ein lagar mat, køyrer bil eller er på treningssenteret. Det er òg eit godt alternativ for svaksynte og andre som slit med å lese papiravisa, seier han.

For å gje lydartikkelen eit personleg preg, er det i hovudsak journalistane og skribentane som sjølv les inn artiklane.´

– Vi skal òg bruke profesjonelle innlesarar, seier Falkner.

Han har stor tru på lydavisa.

– Trenden syner at etterspurnaden aukar når det gjeld lydbøker og podkastar, legg han til.

Til toppen