Nyheitsredaktør Tor Magne Nondal i Dagens Næringsliv. Innfelt er den feilaktige forsida.

Dagens Næringsliv legg seg langflat etter forsideblemme: – Veldig lei oss

I torsdagens papirutgåve av Dagens Næringsliv kan ein lese at familien til den forsvunne kvinna i Lørenskog varsla politiet fleire dagar etter hendinga. Det er ikkje riktig.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Varslet politiet flere dager etterpå», er tittelen på papirutgåva til Dagens Næringsliv 10. januar. I kveldstimane onsdag, etter at avisa hadde gått i trykken, vart dei bevisst feilen og endra til «Truet til ikke å kontakte politiet» i den digitale utgåva.

Ifølgje politiet tok det ei «viss tid» før familien varsla politiet. Ifølgje VG vart politiet varsla same dag som bortføringa fann stad.

Torsdag morgon publiserte avisa denne rettinga på nettsida deira.

– Det var rett og slett ei fatal misforståing som oppstod og forplanta seg. Den er me veldig lei oss for, og det burde aldri ha skjedd. No forsøker me å følgje opp kva som skjedde. Dette skal me lære av, seier nyheitsredaktør i DN, Tor Magne Nondal, til Medier24.

– Ekstra alvorleg i ei slik sak?

Korrigert utgåve av Dagens Næringsliv torsdag 10. januar.

– Ja, sjølvsagt, seier han.

Redaktør i Filter Nyheter, Harald Klungtveit, er på Twitter kritisk til korleis avisa har retta opp i feilen. Han reagerer spesielt på at tittelen i rettinga ikkje indikerer kva det handlar om, og at ein må bla langt ned på DN.no for å finne rettinga.

– Eg har ikkje sett kva Klungtveit skriv. Me har lagt inn ein «disclaimer» i den aktuelle saka. Det gjorde me med ein gang det vart klart onsdag kveld. Me har retta i alle digitale utgåver, også e-utgåve og pdf-avis. Me lagde ny versjon seint i går kveld, seier Nondal, og legg til:

– Me la inn retting på DN.no, og me forsøker å gjere det klart for lesarane at det var feil.

 

Powered by Labrador CMS