Arve Uglum.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-Arve gir seg i NRK

Blir ny redaktør i Sogn Avis, skriv Amedia.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Arve Uglum blir ny redaktør i Sogn Avis. Han er 45 år gamal, busett i Sogndal og kjem frå jobben som prosjektleiar og programleiar for dokumentarserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i NRK. 

– Dette er den mest spanande mediejobben i heimeområdet mitt, og det seier seg sjølv at eg måtte vurdera å søkja når han vart ledig. Slike sjansar kjem ikkje ofte. Eg er imponert over jobben Sogn Avis har gjort med å digitalisere avisdrifta dei siste månadene, og kome fram til at dette vil eg vera med på. Eg er takksam overfor styret som gir meg denne sjansen, seier Uglum i ei pressemelding fra Amedia. 

Han har vore tilsett i NRK sidan 1999, og arbeidde før det i Sogn Dagblad og Årdal & Lærdal Avis. Med seg i ein redaktørduo får han Eli Grotle, som har vore konstituert som redaktør sidan Jan Inge Fardal sin avgang med årsskiftet, skriv Amedia. 

Styreleiar i Sogn Avis og regiondirektør i Amedia region Vest, Svein Atle Huus, seier at han er svært glad for at Arve har takka ja til denne utfordringa.

– Med hans erfaring både frå lokalavis, men også fleire ulike roller i NRK, og hans solide resultat derifrå, så har Sogn Avis fått ein veldig spennande toppleiar. Eg meiner Arve vil tilføre Sogn Avis mykje med si erfaring, sin tilstedeverelse, sterke engasjement for journalistikken og klare ambisjon om å utvikle avisa vidare, seier han i meldinga. 

Han begynner i jobben 1. november. 

Powered by Labrador CMS