Tilsynsdirektør Malin Rygg i Difi

Kommentar

Derfor fører me tilsyn av seks store medie­nettstader no

Tilsynsdirektør Malin Rygg i Difi forklarar kvifor.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  •  MALIN RYGG, tilsynsdirektør i Difi

Media er ein viktig arena for nyheitsformidling og eit inkluderande offentleg ordskifte. Vi har eit regelverk som skal sikre at alle får mest mogleg lik tilgang for å følge med og delta. Tilsynet gjennomfører derfor no kontroll av seks store medienettstader.

Sidan 2013 har Noreg hatt krav til at digitale løysingar skal vere universelt utforma. Allereie i 2014 viste våre målingar at mediesektoren var lite tilgjengeleg for alle brukarar. I målinga oppnådde mediesektoren eit samla resultat på 46 prosent, som var eit av dei dårlegaste gjennomsnittlege resultata i målinga. 

Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi har jamleg dialog med brukarorganisasjonar og vi mottek tips og spørsmål frå publikum. Også denne dialogen viser at nettaviser ikkje er gode å bruke.

I fjor gjorde tilsynet ei ny måling av universell utforming av nettstadene til mellom anna ei rekke store aviser og nyheitsformidlarar. 25 aviser var med i målinga og fleire av desse får svake resultat på alt frå teksting av video, navigasjon og skjema. Berre om lag halvparten (53 prosent) av testane gav resultat som er i samsvar med krava til universell utforming. Her er det med andre ord framleis forbetringspotensial.

Det er derfor vi no gjennomfører kontroll med mediesektoren, og vi har varsla tilsyn med seks medieverksemder. Tilsynet startar med varsel, deretter med testing av utvalde sider på nettstadene, og i slutten av mai vil ein tilsynsrapport oppsummering av resultata. Dersom tilsynet viser avvik, vil verksemdene få ei gitt tid til å rette.

Tilsynet har sanksjonsmoglegheiter, og i siste instans kan vi ilegge tvangsmulkt dersom feil ikkje vert retta.

Stadig fleire konsumerer nyheiter, informasjon og underhaldning på mobilen eller på skjermen kvar dag. Det er mykje bra med ei slik utvikling. Papiravisa er naturleg nok lite tilgjengeleg for den som treng å få teksten opplest – som den som har dårleg syn eller har dysleksi. Eit digitalt format kan vere fullt tilgjengeleg, dersom det er teke høgde for slik tilgjengelegheit.

Det er derfor har vi eit regelverk som skal sørge for universell utforming av ikt slik at alle kan bruke dei digitale løysingane, uansett funksjonsevne.

Medienettstader, særleg dei store riksdekkande og regionale nettavisene, har mykje innhald og hyppig oppdatering. Dette innhaldet skal vere lett å nå, vere mogleg å forstørre og mogleg å få lest opp av opplesingsverktøy for eksempel mobil eller på skjermlesar. Kontrasten skal vere god slik at du kan lese innhaldet om du er svaksynt, har lagt att lesebrillene heime eller sjekkar mobilen ute i sola.

Video er ein viktig del av nyheitene, men få videoar i målinga hadde teksting eller anna tekstalternativ. Utan dette, vil dei som har problem med høyrsel ikkje få med seg noko av innhaldet. Du kan for så vidt heller ikkje få med deg dette om du sit på toget og blar kjapt gjennom nyheiter på mobilen.

I Aftenposten 3. mars skriv debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes, eit innlegg «Samfunnsdebatt kun for dei utvalgte?». Han seier at målet er ikkje først og fremst å publisere flest mogleg innlegg, men blant anna at innlegga skal bli lesne. Då vil eg understreke at det for å sikre at innhaldet vert lese, då må universell utforming med i prosessen.

No må media ta tak og få universell utforming inn i det kontinuerlege arbeidet med sine digitale tenester. Løft nivået på den digitale nyheitsformidlinga.

Løft debatten – og gi rom til alle lesarar og alle stemmer. Oppfylling av regelverket om universell utforming vil bidra til nettopp dette.

Powered by Labrador CMS