Det er 131 år sidan jamstillingsvedtaket. Men nynorsk ser framleis ut til å vere forbode i norsk rikspresse

MEDIEKRITIKK: Norske redaktørar nektar journalistane sine å skrive på nynorsk, til trass for at dei særs sjeldan får klager frå lesarane når det skjer.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

600.000 personar.

Eit tal tilsvarande samtlege innbyggjarar i Oslo, eit fullstappa Telenor Arena 24 gonger og meir enn det totale folketalet i Luxembourg.

Det er også talet på alle nynorskbrukarane i kongeriket. Med andre ord brukar omtrent kvar niande nordmann skriftspråket.

Kvifor ser vi då så lite til nynorsken i rikspressa?

Hannah Kolås, frilansjournalist og tilsett i Norsk Målungdom.

Nyleg ferdig med ein bachelor i journalistikk ved Mediehøgskolen Gimlekollen. 

Er nynorsk ein fartsdump i klikkjaget?

Misforstå meg rett, det er naturleg at vi ser mest til bokmål i rikspressa. Men når det går eit skotår mellom kvar gong ein kan lese ein artikkel på nynorsk i aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten, så blir det for dumt.

Eller? Er det eigentleg til det beste at språket som blir utsett for kollektivt hat av store delar av befolkninga ikkje får innpass i det norske medielandskapet?

Nynorsk er jo trass alt som ein verkebyll å rekne for den gjennomsnittlege nordmann?

Men det er ein gong slik at Stortinget i 1885 vedtok å jamstille nynorsk og bokmål som offisielle språk i Noreg, og som nemnt er det også over ein halv million nordmenn som brukar språket.

Så kvifor held norske redaktørar tilbake? Kvifor blir journalistar med nynorsk som hovudmål nekta å bruke det på spalteplass?

Har det frynsete ryktet til nynorsk gjort språket usexy – i ein mediekvardag der klikk er som gull å rekne?

MEDIEKRITIKK PÅ MEDIER24: Medier24.com vil våren og sommeren 2016 presentere en ny spalte og etter hvert en håndfull spaltister som bidrar med mediekritiske tekster og analyser.

Inntil videre som et tidsbegrenset prosjekt. Spalten er støttet med tilskudd fra Fritt Ord.

Aftenposten «beklaga» nynorskbruk

For Aftenposten-redaktør Espen Egil Hansen kjendest det kanskje slik då han tidlegare i år nærast måtte beklage at avisa publiserte ei sak på nynorsk - fordi det ikkje var i tråd med avisas språknorm.

Men Espen Egil, for nokre veker sidan tok du eit oppgjer med Mark Zuckerberg, og ein del av dette var å publisere ein artikkel på engelsk.

Her kunne ein ikkje finne ein tilsvarande beklagelse om at språket ikkje var i tråd med Aftenposten si språknorm.

For meg framstår det litt unaturleg.

Fungerande kultur- og debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes, skriv i ein mail at det ikkje var ein beklagelse avisa kom med. Derimot var det ei forklaring på kvifor denne eine saka var skriven på nynorsk.

sjeldant publiserer altså Aftenposten artiklar på nynorsk, at dei må begrunne kvifor når dei først gjer det.

Igjen: Det framstår litt unaturleg.

For øvrig begrunnar Tornes nynorsk-mangelen i avisa med at Aftenposten er basert i Oslo og har flest lesarar i hovudstadsområdet.

Kanskje vi har forskjellig oppfatning av konseptet riksavis, men eg forventar iallfall at dette er ei avis som skal spegle heile landet.

Også språkmessig. At dei held til i Akersgata er for meg noko irrelevant.

Grunngjevinga til Dagbladets redaktør John Arne Markussen om kvifor avisa ikkje nyttar nynorsk er også noko tynn. Markussen viser i ein mail til at språket i avisa, herunder radikal bokmål, er ein sentral del av sjølve forretningsideen.

Skal vi la nasjonal kulturarv og ein viktig identitetsskapar gå til spele på grunn av ein forretningsidé?

Sjølvsagt er ikkje nynorsken si framtid åleine kun avhengig av norsk presse. Skulesystemet og næringslivet er andre arenaer som også har sin del av kaka.

Men det skulle vel ikkje vere så mykje å forlange at eitt av dei to skriftspråka i landet blir brukt i større grad i rikspressa, når bruksprosenten i dag er nærare null.

Blir nekta å skrive nynorsk på spalteplass

VG-redaktør Torry Pedersen skriv i ein mail at nynorsk ikkje er noko hinder for å kome på trykk i avisa. Det skulle strengt tatt berre mangle.

På spørsmål om dei tilsetje får skrive det skriftspråket dei vil, svarar han følgjande:

- Journalister med nynorsk som hovedmål må skrive bokmål i VG. Det er viktig for oss at VG har en ensartet og gjenkjennelig utforming, både visuelt og språklig.

Så VG brukar ikkje nynorsk av to grunnar:

1) Avisa skal sjå visuelt pen ut

2) Lesarane er ikkje oppegåande nok til å klare å skifte mellom to språkformer i ein og same leseprosess.

Dette er sjølvsagt sett veldig på spissen, men det er provoserande at Pedersen har så låge forventningar til eigne lesarar.

Så mykje som 40 prosent av nynorskbrukarar er reelt tospråklege i den forstand at dei like gjerne bruker bokmål som nynorsk.

Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har i årevis redigert avisene sine på både nynorsk og bokmål. Dette viser at det faktisk ikkje er eit umogleg prosjekt for ein lesar å kunne handtere to språkformer i ei og same avis.

Minimalt med klager på nynorsk

Men det handlar likevel om vanar og forventingar frå lesarane si side.

Pedersen opplyser om at VG får nokre få negative reaksjonar på artiklar som er skrivne på nynorsk. Tornes seier Aftenposten sjeldan får klager om dei publiserer tekstar på nynorsk. Markussen fortel at Dagbladet sjeldan får reaksjonar frå lesarane, men at det i så tilfelle handlar om at lesarane slit med å forstå språket.

Ved å sleppe nynorsken meir til i rikspressa kan ein nettopp bryte denne onde sirkelen ved at folk blir meir vane med språket.

18 prosent av sakene som vart publisert på nrk.no i 2015 var på nynorsk. Allmennkringkastaren, som er den viktigaste språkprodusenten i Noreg, oppfyller med andre ord ikkje målet om minst 25 prosent nynorsk som Stortinget sette i 1970.

Språksjef i NRK, Ragnhild Bjørge, skriv i ein mail at hennar oppfatning er at dersom saka er viktig nok så vert ho lest, uavhengig av om ho er skriven på nynorsk eller bokmål.

I motsetnad til Dagbladet så fortel Bjørge at av dei få nynorskklagene dei får kvar månad, så kjem dei frå folk som ikkje likar nynorsk.

Samstundes får dei tilbakemeldingar frå personar som ikkje har norsk som førstespråk og som ikkje bur på det sentrale Austlandet, som seier at nynorsk på nrk.no er veldig viktig for dei og språkforståinga.

Dette viser kor betydningsfullt det er med (meir) nynorsk i riksmedia.

Ifølgje Bjørge kjem det kring ein negativ kommentar om nynorsk i månaden på hovudkontoen til NRKFacebook. Sida har nærare 130 000 følgjarar.

Med andre ord:

Tida er overmoden for meir nynorsk i spaltene. Hendingsnyhende på nynorsk, politikk på nynorsk, kultur på nynorsk.

La journalistane få bruke den målforma dei vil, det gagnar alle partar på alle måtar. Det er trass alt ein del av samfunnsansvaret til riksmedia å formidle at vi har to målformer i Noreg.

Og du? No har du lest ein heil artikkel på nynorsk, var det så forferdeleg?

Tenkte meg ikkje det, nei.

Powered by Labrador CMS