STILLING LEDIG:

Firdaposten søkjer journalist i fast stilling

Har du lyst å bli journalist i Noregs vestlegaste by, Florø? Ein av våre journalistar melder snart overgang til NRK, og vi er i gang med å finne erstattaren hennar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Florø

Søknadsfrist: 14. mars

Om arbeidsgiver

Firdaposten er den største kystavisa i Sogn og Fjordane. Med hovudredaksjon i Florø, er avisa største lokalavis for Flora og Bremanger kommunar, og vil snart ha den nye storkommunen Kinn som dekningsområde. Kvar dag når vi 8000 lesarar på digitale flater, og 10.700 les papirutgåvene våre. Vi er ni årsverk fordelt på redaksjon og marknad. Firdaposten er nynorskavis, og er heileigd av mediekonsernet Amedia.

Viss du trivest med høgt tempo, mykje latter og moro på jobb, kort veg frå idé til realisering, digitalt fokus og 2000 millimeter nedbør i året, så må du sende oss ein søknad fort som berre det.

I søknaden håpar vi det står at du er ein resar i nynorsk og at du kjenner kommunane Kinn og Bremanger ut og inn, og gjerne også at du er kvinne.

Firdaposten har hovudredaksjon i Florø, som er største by i storkommunen Kinn i Vestland fylke. Redaksjonen tel åtte personar, og no håpar vi du blir med på laget vårt.

Les meir her om korleis det er å jobbe i Amedia her - https://karriere.amedia.no/

Kontaktinformasjon

Viss dette høyrest interessant ut, ta gjerne kontakt om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon.

  • Liv Standal, klubbleiar, tlf: 992 94 623
  • Svend Arne Vee, ansvarlig redaktør/daglig leder, e-post: svend.arne.vee@firdaposten.no / tlf: 908 47 465

SØK HER

Powered by Labrador CMS