Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix)

Mediemeldinga:

– Dette er avgjerande for at NRK kan bidra til å styrke demokratiet

Slik reagerer kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen på mediemeldinga.

Torsdag la kulturminister Trine Skei Grande fram mediestøttemeldinga. Der vart det klart at NRK vil inngå i statsbudsjettet.

– Regjeringa slår fast at NRK skal ha eit breitt allmennkringkastingstilbod, og at vi skal ta i bruk alle relevante medieplattformer for å nå ut til publikum. Det hadde ikkje vore mogeleg å treffe heile folket utan å bruke mobil og nett i tillegg til radio og tv. Dette er avgjerande for at NRK kan bidra til å styrke demokratiet, norsk og samisk kultur, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i ei pressemelding.

– NRK er ein viktig del av norsk mediemangfald. Saman med alle dei andre mediebedriftene bidrar NRK til at folk i Noreg kan nytte seg av eit rikt medietilbod. Dette var også Mediemangfaldsutvalet opptatt av, seier Eriksen.

Trine Skei Grande vil leggje fram mediestøttemeldinga på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Drammen. Meldinga har fått namnet «Mangfald og armlengdes avstand», og inneheld fleire nye forslag til korleis ein kan innrette mediepolitikken framover.

Saka vert oppdatert.

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen