Kommentar

Dette er ikkje akseptabelt: Helse Vest må syta for at media får info om alvorlege ulukker

«Meldinga frå Helse Vest kom som lyn frå klar himmel, og det er ei melding som det er svært vanskeleg å forstå poenget med», skriv Jan Inge Fardal i Sogn Avis.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JAN INGE FARDAL, redaktør i Sogn Avis og leiar for Vestafjeldske redaktørforening.

I går fekk me melding om at Helse Vest frå og med 1. mars skal slutta med å gje media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsette for ulukker eller valdshandlingar

Dette kom som lyn frå klar himmel, og det er ei melding som det er svært vanskeleg å forstå poenget med. 

Samtlege sjukehus i Helse Vest publiserer i dag pressemeldingar der dei går ut med tilstanden til pasientar som kjem inn etter ulukker/traume i det offentlege rom. Det blir opplyst om både ulukkesstad, type hending, alder og kjønn på den skadde. Viktig og adekvat informasjon for oss i media. Informasjon som det er vår plikt å handtera på ein etisk forsvarleg måte. 

No har altså dette helseføretaket bestemt seg for at dei verken vil stadfesta eller gi opplysningar til media om pasientar som er innlagde eller om helsetilstanden etter valdsepisodar og ulykker.

Det spesielle er grunngjevinga for den nye praksisen. Helse Vest viser til at alle pasientar «har rett til vern mot spreiing av opplysningar om personlege og helsemessige forhold. Det gjeld også personar som er utsett for ulukker eller valdshandlingar som blir omtalt i media».

For Helse Vest er no ivaretaking av teieplikt og personvern viktigare enn media – eller rettare – innbyggjarane – sitt informasjonsbehov. 

Her vil helseføretaket altså gå inn og overta redaktørrollen i norske media. Det er den enkelte redaktør sitt ansvar å syta for at personopplysningar eller anna informasjon som ikkje skal offentleggjerast, ikkje blir det.

Viss det er ukjent for Helse Vest, kan eg opplysa at me har eit eige punkt i Ver Varsom- plakaten som ivaretek dette:

Her heiter det:

«4.6. Ta hensyn til hvordan omtale av ulykker og kriminalsaker kan virke på ofre og pårørende. Identifiser ikke omkomne eller savnede personer uten at de nærmeste pårørende er underrettet. Vis hensyn overfor mennesker i sorg eller ubalanse».

Det kunne vera interessant å få vita om det er konkrete døme for brot på dette punktet som ligg bak Helse Vests avgjerd om å stengja denne viktige informasjonskanalen, eller om det berre er eit påfunn for å gjera eigen kvardag enklare.

Det viktigaste med dagens ordning er at redaktørstyrte media snarast mogleg kan opplysa lesarane sine om kva som faktisk har skjedd i ei ulukke eller i alvorlege valdssaker. Gjennom å slutta å informera media om dette, vil Helse Vest bidra til ryktespreiing og ville spekulasjonar på sosiale medium, noko ingen vil vera tente med.

Det at Helse Vest no tek på seg ei redaktørrolle i alvorlege saker som dette, kjem på toppen av at me har fått eit politi som stadig får kritikk for mangelfull og treg oppdatering i denne type saker. 

Dette er rett og slett ikkje akseptabelt. Både Helse Vest og politiet må syta for at media til ei kvar tid får oppdatert og korrekt informasjon om alvorlege ulukker og valdsepisodar.

Der er faktisk vår jobb, vårt ansvar å til ei kvar tid avgjera kva som kan offentleggjerast. Helse Vest burde konsentrera seg om å gje sine pasientar eit så godt tilbod som mogleg. 

Powered by Labrador CMS