Frå venstre: Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten, Magne Storedal i Romerikes Blad, Tor Magne Nondal i Dagens Næringsliv og Tora Bakke Håndlykken i VG.

Difor haldt Aftenposten, VG, DN og Romerikes Blad tett om forsvinningssaka

– Me vil ikkje at vår journalistikk skal setje folk sitt liv og helse i fare, seier nyheitsredaktør i Aftenposten, Tone Tveøy Strøm-Gundersen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag morgon slapp VG, Aftenposten, Romerikes Blad og Dagens Næringsliv nyheita om at Anne-Elisabeth Falkevik Hagen (68) har vore sakna sidan 31. oktober i fjor.

Som VG, Aftenposten og Romerikes Blad skriv i sine saker, har dei visst om saka over ein lengre periode. Dei har valt å ikkje skrive noko om det før no – etter sterk oppmoding frå politiet.

– Det gjekk me med på fordi politiet kom med ei sterk oppmoding om å ikkje publisere med omsyn til liv og helse. I utgangspunktet meiner sjølvsagt at saka har stor offentleg interesse, og hovudregelen er at me publiserer, men med oppmodinga politiet kom med så valte me å gå til det spesielle skrittet å etterkomme ynskjet – og å ikkje publisere, seier nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken.

Ho stadfestar overfor Medier24 at dei har visst om saka over lengre tid. Sjefredaktør i Romerikes Blad, Magne Storedal, seier til Medier24 at dei har visst om saka sidan om lag slutten av november.

 

Høg terskel

Bakke Håndlykken fortel at dei har vore i dagleg kontakt med politiet om saka, og at dei valte å publisere no når politiet sjølv går ut med informasjon i ein pressekonferanse klokka 11.00 onsdag.

Skjermbilde: Aftenposten.

– No har politiet sagt at dei vil gå ut med opplysningane om saka, og då er det riktig av oss å publisere opplysningane me har jobba fram. Me har jobba med det frå tidspunktet me fekk vete om saka – sjølv om me ikkje har publisert, legg Bakke Håndlykken til.

Tore Magne Nondal, nyheitsredaktør i Dagens Næringsliv, stadfestar overfor Medier24 at dei har visst om saka over lengre tid.

«Vi forstod selvsagt umiddelbart at dette var en meget oppsiktsvekkende sak med stor offentlig interesse, men i likhet med de andre mediene valgte vi å etterkomme politiets innstendige oppfordring om ikke å omtale saken fordi det kunne sette liv i fare.»

På spørsmål om kor høg terskelen er for å halda tilbake informasjon, svarar Nondal:

«Den har vært høy og er høy. Men det er få eller ingen saker som er helt like derfor blir det gjort egne vurderinger i hver enkelt sak. Men i denne saken var politiet svært tydelige på at konsekvensene ved en publisering kunne være dramatiske.»

 

– Ganske enkelt

Nyheitsredaktør i Aftenposten, Tone Tveøy Strøm-Gundersen, seier til Medier24 at det er spesielt at dei får slike førespurnader, men at også dei valte å følgje rådet til politiet.

– Det gjorde me fordi politiet ha gitt informasjon om at det var fare for kvinna sitt liv dersom saka vart kjent. Når me får den informasjonen, så gjer me vurderingar, men vel å etterkomme det fordi me ikkje vil at vår journalistikk skal setje andre sitt liv og helse i fare.

– Kor høg er terskelen for at de godtek slike oppmodingar?

– Det er spesielt at me får slike oppmodingar. Det krev at me gjer vurderingar basert på lite tilgjengeleg informasjon. Generelt er det vanskeleg å svare på kor tid me gjer det slik, men me vurderer frå sak til sak, og me har få andre slike saker. Terskelen er i utgangspunktet høg. Det går på vurderingar politiet har gjort, seier Tveøy Strøm-Gundersen vidare.

For Romerikes Blad var det ikkje ei vanskeleg avgjerd å ta, ifølgje redaktør Storedal.

– Det var ganske enkelt, seier han til Medier24.

– Det er heilt umogleg å seie noko om kvar terskelen ligg for å etterkomma slike oppmodingar. Det kjem an på situasjonen. Det høyrer til med sjeldenheitane at me held kjeft om ei så stor sak så lenge, seier han.

Powered by Labrador CMS