Marte Leirvåg, kommunikasjonssjef Grieggruppen.

Marte er historisk: Fyrste kommunikasjonssjef i selskapets 137 år lange historie

Marte Leirvåg er kommunikasjonssjef i eit 137 år gammalt selskap. Ho brenn for at kommunikasjonsbransjen skal klara å behalda truverdet sitt oppe i det heile.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det har vore spennande og ganske sprøtt, eigentleg. Det har vore heilt vanvittig å byrja i ein sånn type jobb under Covid.

Det seier Marte Leirvåg (30) til KOM24. I august 2020 byrja ho i jobben som kommunikasjonssjef for Grieg Maturitas, som er det overordna holdingselskapet til Grieg gruppen med sine over 1700 tilsette. Med det vart ho historisk som den fyrste kommunikasjonssjefen i selskapets no 137 år lange historie.

Gigantisk og umogeleg

– Eg er åleina om kommunikasjonsansvaret i Grieg Maturitas, men fleire av selskapa har og eigne kommunikasjonssjefar. Men det er kjekt å vera historisk, seier ho og smiler.

Ho seier at det å vera den fyrste kommunikasjonssjefen selskapet er gigantisk og umogleg å få hendene rundt det med ein gong.

– Ikkje minst kjenner eg på at det er eit stort og viktig ansvar. Så eg har brukt lang tid på å bli kjent med organisasjonen, alle selskapa, eigarane, prioriteringane, forstå at me jobbar med eit generasjons-samarbeid der 5. generasjon er på veg inn. Me er på ei endringsreise, seier ho.

Ho seier at det fyrste året har gått med til å læra masse om maritim industri, shipping og oppdrett og kva som er godt leiarskap.

– Så ser eg på mi oppgåve som det å bygga den kommunikasjonsfaglege grunnmuren, for kommunikasjon er jo eit veldig skreddarsømfag. Du kan tenka når du kjem inn her at du har alle ideane, men så visar det seg at tida eg har brukt på å bli kjent med organisasjonen og gjera meg operasjonelle og strategiske tankar har vore viktig, seier ho.

Men ho legg ikkje skjul på at dei fyrste seks månedane var kaotiske.

– No byrjar eg å landa og har klart for meg kor me kan gå på desse tinga, seier ho.

Dette er god kommunikasjon for Leirvåg

Trass sin relativt unge alder, har Leirvåg lang kommunikajsonsfagleg bakgrunn. Ho kallar seg sjølv samfunnsengasjert og alt på ungdomsskulen byrja ho engasjementet sitt ved å kjempa for at den såkalla Austrheimruta, som gjorde at elevar i vidaregåande skule-alder i Gulen kommune kunne bu heima og gå på vidaregåande skule i Austrheim, og gjekk innom heimkommunen hennar, Solund. Sidan har det balla på seg.

Ho vart aktiv for Høgre i politikken, der ho no sit i Bergen bystyre. På universitetet studerte ho Samanliknande politikk.

– Eg skulle berre venta eit halvt år før eg kom inn på master, men so fekk eg meg jobb i Bergen Høgre og likte meg så godt at eg ville fortsette. Det fekk eg lov til! So fekk eg moglegheita til å gå inn i det som då heitte NOR PR etter nokre år, fortel ho.

Der vart ho i nærare fire år til saman og fekk mykje erfaring med kommunikasjon for næringslivet. Ho rakk og å vera fraksjonsleiar for Bergen Høgre i Utvalg for barnehage, skole og idrett, før ho enda opp i Grieg gruppen.

– God kommunikasjon for meg er openheit, truverd, engasjement, substans i det me gjer, det å vera ærleg på kva me gjer og kva me ikkje gjer bra nok og så videre. Det er me einige om, det er forankra i verdiane våre. Men kommunikasjon er alltid i utvikling og me vil alltid stå i utfordringar som gjer at kommunikasjonsfaget er under press, seier ho og peikar på den koronakrisa som eit godt døme på kva som har utfordra dei. Ho meiner samstundes krisa har gjeve dei eit løft på dette med internkommunikasjon.

– Der har me sett at det har vore heilt avgjerande å ha gode, etablerte kanalar for å kunna kommunisere internt, seier ho.

Ho fortel at dei har hatt jamnlege møter i beredskapsleiinga der dei har samla alle selskapa. Dei har kommunisert ut lokale og nasjonale tiltak, kva slags anbefalingar dei har for selskapa for at dei skal kunne ivareta smittevern på ein god måte.

– Kommunikasjon som gjerne ikkje er så kreativ, men det har vore så avgjerande viktig at den kommunikasjonen har vore tydeleg, seier ho.

Framover vert hennar viktigste oppgåve er å jobba fram ein kommunikasjonsstrategi saman med eigarane på dette med eigarskap og styrka samarbeidet mellom Grieg Maturitas-styret og selskapa og sikre at dei når måla på eigarstrategi.

– Det andre me kjem til å å jobba med er kommunikasjonsstrategi på bærekraftsarbeidet vårt. Bærekraft er veldig luftig og ein veit gjerne ikke kva man skal fylla det med. Her er kommunikasjon så viktig. Me er i handlingas ti-år og det er lenge sidan vi har gått fra at bærekraft er noko du gjera. No vert kapitalen flytta inn i bærekraftige løysingar. Det me jobbar med er at det må lønna seg å velga grønt, seier ho.

Leirvåg meiner at kommunikasjonsbransjens største utfordring er truverdet. Korleis skal ein klara å kommunisera, utan å faktisk kommunisera.

– Det eksterne må ikkje ta overhand

– For me har alltid vore veldig driven av århjul og planar og ekstern synlegheit, men kommunikasjonssjefanes rolle handlar like masse om å bygga substans internt. For truverd er det me gjer, so kan me kommunisera det. Men om alt det eksterne tek overhand mistar du fokus på det som er viktig, seier ho og viser til Pride, som var eit tema hjå mange bedrifter i juni.

Det er ikkje det å henga opp Pride-flagget som betyr noko, men å jobba med mangfold internt. Der har kommunikasjon ei viktig rolle, seier ho.

Leirvåg er framleis tidleg i arbeidskarrieren og har berre vore eitt knapt år i hjå Grieg gruppen. Difor er det kanskje urettferdig å byrja å spekulera i kva framtida hennar bringer. Men samstundes så byter mange kommunikasjonsfolk jobb ofte, så difor er det og naturleg å høyra med ho om kva framtidsplanar ho har.

– Eg har ingen tanke om kvar eg skal, og eg trivst utruleg godt i Grieg Gruppen. Uansett kvar eg eventuelt skal i framtida har eg ein tanke om at det eg skal gjera, det må driva meg og gje meining for meg. Det er viktig, seier ho.

– Kva med Høgre si kommunikasjonsavdeling, er det noko som freistar?

– Eg synest dei gjer det bra på sosiale medier, og dei gjer generelt ein god jobb. Eg tenkjer at det løftet som dei politiske partia har hatt digitalt er veldig kjekt å følga, det er masse inspirasjon der. Så eg utelukkar ingenting eg, eigentleg, seier ho.

Powered by Labrador CMS