De fem utvalgte praktikantene, fra venstre: Tormod Johnsen Ytrehus, Karen Anna Kleppe, Beate Johanna Haugtrø, Nora Rydne og Rita Iren Hestad.
De fem utvalgte praktikantene, fra venstre: Tormod Johnsen Ytrehus, Karen Anna Kleppe, Beate Johanna Haugtrø, Nora Rydne og Rita Iren Hestad. (Bilde: Nynorsk avissenter / Bent Are Iversen, Firda)

Disse fem skal på seks måneder lære seg å bli nynorskjournalister. Her er neste kull på avissenteret i Førde

Praktikantene møter en intensiv opplæring med både praksis og teori.

- De skal lære håndverket. Oppskrifta vår er å kaste de rett ut i praksis, paret med teori og oppfølging

Det sier Ivar Myklebust Longvastøl, daglig leder for stiftelsen Nynorsk avissenter, i en melding.  I høst starter nok et kull på senteret i Førde - det niende siden starten i 2013.

Ifølge stiftelsen har opplæringa vært en suksess - både for nynorsken og den enkelte student: Av de 32 som så langt har gjennomført opplæringa, arbeider i dag 18 med journalistikk på hel- eller deltid.

Fire jobber med kommunikasjon, mens resten jobber med språk eller tar videre utdanning, ifølge Longvastøl.

Og i høst vokser kullet med hele 25 prosent - fra fire til fem studenter, etter at stiftelsen Nynorsk avissenter fikk mer penger i statsbudsjettet.

17 søkte praktikantplass denne gangen, 11 var på intervju - og dette skriver avissenteret om de fem utvalgte:

 

Tormod Johnsen Ytrehus (25) voks opp i Orkdal og har budd i Trondheim sidan han var 19. Trønderen har skrive nynorsk sidan vidaregåande skule. Han tok valet på grunn av nærleiken til eigen dialekt, og av stor interesse for språk. Tormod har studert språk og samfunnsfag. Han er aktiv i partiet Raudt og har erfaring med foto, video, grafisk arbeid og sosiale medium i organisasjonsarbeid.

– Det ligg mykje makt i korleis ein journalist eller redaksjon vinklar nyhendesaker. Saka som verkar mest sensasjonell er ikkje alltid den viktigaste, og dei som ropar høgast er ikkje alltid dei som treng mest merksemd, seier Tormod.

Karen Anna Kleppe (21) er frå Kvinnherad i Sunnhordland. Ho har det siste året spesialisert seg på å lage god kaffi på kaffibar i Oslo, men trass i eit smigrande tilbod om å halde fram i ei leiarstilling, ønskjer Karen Anna å lære meir og utforske skriving og journalistikk. Ho var russepresident på Kvinnherad vidaregåande skule, og deretter melde ho seg til teneste for Hæren som troppsassistent og vognførar i eit ingeniørkompani.

– Sjølv om eg har fått eit flott jobbtilbod, slår det ikkje draumen om å leva av å skriva. Det er sjølvsagt ei utfordring med mange som slåst om arbeid og arbeidsplassar, men det er ei utfordring eg ønskjer å ta, seier Karen Anna.

Beate Johanna Haugtrø (37) er frå Kvam i Nord-Trøndelag. Der hadde ho nynorsk som hovudmål, i ei bygd som den gongen også hadde nynorsk som førstespråk. Beate Johanna er bachelor i dokumentarfilm frå Høgskolen i Innlandet (Lillehammer), og ho har fleire års erfaring som lydteknikar og fotoredigerar i NRK, både i Trøndelag og på Marienlyst. Siste to åra har ho vore miljøarbeidar i psykiatrien og på ein bustad for psykisk utviklingshemma.  No vil ho skrive meir.

– Å skrive er ein måte å bruke stemma mi på, i staden for å la verda og samfunnet flyte av garde utan min medverknad, seier Beate Johanna.

Nora Rydne (24) er frå Bærum, og i sommar skriv ho i lokalavisa Asker og Bærum Budstikke. I vår leverte ho masteroppgåva i statsvitskap ved NTNU, med vekt på internasjonal politikk og politisk økonomi.  Ho har vore videoredaktør i Studentmediene i Trondheim,  journalist i nett- og nyhenderedaksjonen og sist deskmedarbeidar der. Nora er svært interessert i språk og har erfart at på desken må ho kunne både nynorsk og bokmål.

– Eg er motivert til å få meir erfaring og praksis som journalist, lære ei ny målform, og få erfaring som journalist på fleire plattformer, seier Nora.

Rita Iren Hestad (27) er frå Bygstad i Sunnfjord og bur på gard på Åsane i Førde, med sambuar, 100 vinterfôra sauer, hest, hund og katt. Ho har arbeidd nesten seks år i Gjensidige Bank i Førde, først på kundesenteret og storparten av tida som depotmedarbeidar, der ho har kontakt med bankar og meklarar.  I tillegg tek ho agronomutdanning som deltidsstudent. Rita Iren ønskjer no å utvikle samfunnsinteressa og skrivegleda si gjennom seks månader intensiv opplæring i Nynorsk avissenter.

– Eg har eit ønske om å få lov til å bruke , og definitivt utvikle, den kompetansen eg har når det kjem til å formidle, og best av alt – på nynorsk, seier Rita Iren.

 

Til toppen