Elise Kvien er radioprogramleder i NRK Vestland i Førde.

Sommerpraten

– Eg gløymde kven som var kven under intervjuet. Det var litt kleint.

Radioprogramleder Elise Kvien hadde forberedt seg på å ta imot én gjest i studio. Da det dukket opp fem stykker, oppsto det forvirring, forteller hun i dagens sommerprat.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

 I «Sommerpraten» stiller Medier24 en rekke personer i og tett på mediebransjen spørsmål om hva de gjør i sommer.

Neste kvinne ut radioprogramleder i NRK Vestland i Førde, Elise Kvien.

– Hvordan oppsummerer du første mediehalvår 2020?– Hektisk og ekstraordinært! Vi starta året med store nyheiter, og det slutta liksom aldri. Då Noreg plutseleg satt i verk dei største tiltaka sidan andre verdskrig var eg på jobb på nyheitsdesken i Oslo. Det einaste eg veit er at mine kollega i mediebransjen har løyst koronakrisa på ein veldig god måte. Kudos.– Hva er årets flause til nå?

– Brasils president Jair Bolsonaro som fekk påvist covid-19, etter å ha omtalt koronapandemien som «berre ein liten influensa». Regjeringa som dansa til NRK Super sin dansevideo av «Dovre Faller». Det er mange ting ein kan trekke fram, for å seie det sånn.– Hvilken bransjeperson har imponert deg i år?– Hallvard Sandberg. Ein framifrå formidlar. Vil også trekke fram min nye makker Stian Sjursen Takle, som har gjort kvar ein arbeidsdag utruleg gøy. Eg diggar å jobbe saman med andre som elskar radio!

– Hva gjør du i sommer?

– Eg har faktisk hatt min første «skikkelege» sommarferie sidan 9. klasse. Det har vore særs rart, men utruleg digg. No har eg reist litt rundt, møtt folk eg ikkje har sett på lang tid, og utforska nokre av dei mange perlene som finst i Noreg.  

– Hvilke medievaner tar du med deg på ferie?– Oi! Eg må sjekke nyheitene minst éin gong om dagen. Då sjekkar eg riksmedia, lokalavisene heime og avisene i Vestland. Eg har skrudd av mange av pushvarslane. Om TVen tilfeldigvis er på klokka 19, ser eg Dagsrevyen. Elles har eg forsøkt å logge av mest mogleg.– Hva er den største tabben du har gjort som sommervikar?– Usikker på om eg var sommarvikar på tidspunktet, men eg var programleiar i Radio Ålesund. Eg venta éin gjest i studio, men fem personar møtte opp. Eg gløymde kven som var kven under intervjuet. Det var litt kleint. – Hva er ditt beste råd til årets sommervikarer?

– Eg skulle gjerne sagt stå på, men det veit eg allereie at sommarvikarane gjer. Hugs å logge av når du kan, og ikkje la jobben bli altoppslukande på fritida. Du gjer ein god jobb, og det er ein grunn til at du er der. Det er også veldig innafor å spørre om hjelp.

Powered by Labrador CMS