Arve Uglum.

Sommerpraten:

– Eg har lata som om eg har for­stått komplekse saker, for så å drite meg lodd­rett ut på trykk

NRK-programleiar og påtroppande Sogn Avis-redaktør Arve Uglum fortel om gamle tabbar i Sommerpraten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Sommerpraten» stiller Medier24 ei rekkje personar i og tett på mediebransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. Neste mann ut er Arve Uglum, prosjekt- og programleiar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på NRK. Uglum er redaktør i Sogn Avis frå 1. november.

– Korleis summerer du opp første mediehalvår 2020?

– He, he. Her får de nok mange like svar. Corona, heimekontor, annonsesvikt og brukarboom. I Der ingen skulle tru at nokon kunne bu hadde me som mål at samtlege program skulle nå suksessmålet i nettspelaren til NRK innan sommaren. Det gjekk mykje fortare enn me trudde. Dokumentarar om menneske i sjølvvald isolasjon traff visst ei nerve denne våren.

– Kva er årets flause til no?

– Vanskeleg å koma på noko spesielt. Bergenspolitiet hadde ein stygg ein forrige dagen, då dei erklærte ein person død før han var det. Men eg veit ikkje om det er ei medieflause.

– Kva bransjeperson har imponert deg i år?

– Hallvard Sandberg. Tippar de får mange like svar her også. Han er jo der oppe i lag med Solberg, Høie og Nakstad. Kanskje det næraste me kjem ein Walther Cronkite i dagens Noreg.

– Og så tykkjer eg konstituert redaktør i Sogn Avis, Eli Grotle, gjer ein veldig fin jobb medan eg gjer ferdig det eg skal gjera i NRK.

– Kva gjer du i sommar? 

– Eg har gått i mine eigne tankar og fundert over jobbskifte i vår, så ferieplanane til familien har blitt til utan særleg medverknad frå meg. Men eg har sjekka, og det viser seg at me skal ver med svigerfamilien på ei hytte i Rogaland i ei veke. Det gler eg meg til no. Eg reknar med førstevalet deira var på sørlandet, men Rogaland har eg faktisk berre besøkt ein gong på dei seks åra eg har laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så det er heilt i orden for meg. 

– Så må me besøka bror min og symjebassenget hans på austlandet, og snekre litt på hytta i Mørkridsdalen. Eg har høyrt at ein mann blir målt etter kor mykje platting han klarar å leggja i løpet av eit liv, og dette skal bli eit godt år for meg i så måte.

– Elles så skal eg lesa, lesa, lesa. Eg har levd i mi eiga verd med «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og andre naturnære dokumentarar dei ti siste åra. No skal eg hovudstups ut i den lokale samfunnsdebatten. Eg kjenner på meg at eg ikkje er skodd for det enno, men det må eg bli innan 1. november. Heldigvis har eg nesten ein heil lærarferie eg må ta ut når eg sluttar i NRK, så tid har eg.

– Kva medievanar tek du med deg på ferie?

– Mobilen. Sikkert ein iPad og. Så tenkte eg å kjøpa papiraviser der eg er. Dei er kjekkare å ha med seg ut i sola. Elles har eg ganske spikra medievanar som alltid følgjer meg ganske langt inn i ferien. Nyhetsmorgen på P2, lokalnyhende frå NRK Sogn og Fjordane på nett og radio og nyhedeappen til Sogn Avis om morgonen. Den appen blir med meg gjennom heile dagen. P2 når eg er i bilen, Dagsrevyen og Vestlandsrevyen ser eg som regel litt seinare på kvelden, men nesten aldri direkte.

– Eldstejenta jobbar i TV2 Nyhetskanalen, så eg ser litt på den og. Litt fordi det er ein slags kontakt med ho, litt fordi dei lagar gode sendingar. 

– Eg spring mykje, og tek aldri ferie frå trening. Då har eg som regel ein podcast på øyret. Oppdatert, Urix, Tore Sagen eller Hele Historien frå NRK, Hardcore History med Dan Carlin, Nokon må gå frå Bergens Tidende og av og til Aftenpodden.

– På hytta har eg ikkje mobildekning, så der går det i radio og gulna papiraviser.

– Og så startar Premier League og OBOS-ligaen...

– Kva er den største tabben du har gjort som sommarvikar? Om du aldri har vore sommarvikar: Kva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Eg er flink til å fortrenge ting, så her må eg tenke meg godt om. Eg har aldri vore sommarvikar i media, men gjett om eg har vore nykomling.

– Eg har storma inn i redaksjonen og ropt «hald av framsida» - for så å øydeleggje bileta mine i framkallinga. Eg har bomma på namn, tal, geografi og lata som om eg har forstått komplekse saker, for så å drite meg loddrett ut på trykk.

– Så tabbane finst, men dei er godt skjulte i det selektive minnet mitt.

– Kva er ditt beste råd til årets sommarvikarar?

– Ikkje lat som om du forstår alt. Du klarar kanskje å lura intervjuobjektet, men åleine med tastaturet blir du avslørt. Du er ikkje sendt ut av arbeidsgjevaren din for å imponere ei kjelde, men for å lage ei skikkeleg sak. Still dumme spørsmål. Det likar kjeldene også. Mine spørsmål har bitt dummare til meir sjølvsikker eg har vorte.

Powered by Labrador CMS