Magne Velle er kommunikasjonssjef ved Meteorologisk institutt. Ein dag fekk han ein ganske spesiell telefonsamtale. – Eg måtte konsentrere meg hardt for å ikkje le høgt.

#Påskepraten

Magne skal bruka påsken på å skriva bok og spela inn musikk

– Om eg blir fornøgd, kan andre få høyre også.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

KOM24 har stilt fem spørsmål til ei rekkje folk i kommunikasjonsbransjen om kva dei skal gjera denne påsken, kva dei vil anbefala andre å kosa seg med denne påsken og kva som er det mest morosame dei har opplevd på jobben.

I dag er det Kommunikasjonssjef ved Meteorologisk institutt, Magne Velle, som svarar i påskepraten.

– Kva skal du gjera denne påsken?

Denne påska skal eg ta heilt fri frå jobb. Eg tar ein tur til foreldra mine på Geilo. Eg vil også skrive litt på manuset til ny diktbok, som blir ei oppfølging av «Med hjartet i fatle». I tillegg spelar eg inn musikk for tida. Om eg blir fornøgd, kan andre få høyre også.

– Kva seriar vil du anbefala andre å konsumera i påsken?

Ein serie eg har glede av å sjå på, er «Terrace House» på Netflix, som er ein japansk reality om seks framande som skal bu saman i eit hus. Det er fornøyeleg å sjå kor høflege og korrekte dei er, og samtidig ganske direkte.

– Kva er det mest morosame du har opplevd på jobb?

Det er ofte morosamt på jobb! Eg fekk ein telefon frå ei som spurde: «Snakker jeg med Magne Helsing?» Det tok eit par sekund før eg forstod koplinga til at eg signerer med «Helsing Magne», og eg måtte konsentrere meg hardt for å ikkje le høgt.

– Korleis vil du karakterisera kommunikasjonsåret så langt?

Veldig bra! Eg har dyktige folk i kommunikasjonsavdelinga, som har stått for mykje god formidling. Både om klimaforsking og andre delar av forskinga til Meteorologisk institutt. Og ikkje minst på Twitter-kanalen @meteorologene, der vi gjennom dagen gir vêroppdateringar for journalistar og andre interesserte.

– Korleis vert resten av kommunikasjonsåret?

Det blir nok bra det også. Vi har ei lang liste med ting vi har lyst å gjere, og vi har eit tett og godt samarbeid med forskarar og meteorologar på instituttet. Vi vil også eksperimentere med å formidle til unge, som vi treng å få meir kompetanse på.

Powered by Labrador CMS