Redaktør Esther Moe i Suldalsposten. Her under LLAs landsmøte i Haugesund våren 2017.
Redaktør Esther Moe i Suldalsposten. Her under LLAs landsmøte i Haugesund våren 2017. (Arkivfoto: Gard L. Michalsen)

DEBATT

Ei særdeles motvillig presse så seg til slutt nøydd til å ta i historia om Skei Grande og guten i kornåkeren. Så er det blitt stille

- Det er underleg uinteressant for statsminister og presse at den unge mannen føler seg uthengt som ein overgripar, skriv Esther Moe.

  • ESTHER MOE, Suldal. Til dagleg redaktør i Suldalsposten

 

Etter at ei særdeles motvillig presse til slutt såg seg nøydd til å ta i historia om ein påtroppande minister og kva ho som 38 år gammal stortingsrepresentant og første nestleiar i Venstre hadde med ein gut på 17 år på ein fest for ti år sidan, er det blitt stille.

Det er behageleg for alle. Opp med ei hand alle som synest det er behageleg å offentleg adressera andres sexliv. Dessutan: What happens in Trøndelag, stays in Trøndelag. Særleg på fest, har me forstått.

Begge hadde drikke, det var frivillig, han var over den seksuelle lågalderen. Så kva er problemet?

Tåler du ikkje tanken på at ei eldre kvinne er saman med ein ung gut, som ei spurde meg.

Eller som ein annan sa det: Ho fekk seg litt kjepp, skal me gå vidare?

 

Det var nettavisa Resett som etter nyttår skreiv om historia som angiveleg har versert utanom offentlegheita og vore kjent av redaksjonar i årevis. Dagen etter spør Resett Venstres pressesjef om han har nokon kommentar. Det er berre rykte, seier han først. Deretter vil han vita kven som er kjeldene.

Så tar Aftenposten i saka. Med ei tilhøyrande «derfor skriv vi om saka»-sak signert sjefredaktøren.

Eldtang-grepet, altså. Her skriv redaktøren at det for Aftenposten er viktig å skilja mellom det som er rykte og det som er formelle og konkrete varsler, når avisa skriv om saker- Det er utelukkande det faktum at den påtroppande ministeren sjølv adresserer saka, som gjer at Aftenposten kan gjera det same.

Det skjer samtidig som heile det offentlege Norge står midt i #metoo-flaumen der alt frå reine overgrep til uønskt seksualisering, merksemd og problematisering av alle slags asymmetriske relasjonar, det vera seg alder, makt, posisjonar, blir underlagt gransking.

Aftenpostens sak (16. januar) ber tittelen «Jeg er ingen overgriper». Ingressen vinklar på ein kommande minister som midt i regjeringsplattform-innspurten må takla både sexrykte og drapstrusler.

 

Dagbladet publiserer samme kveld ei sitatsak og vidarefortel det den påtroppande ministeren, Trine Skei Grande, har fortalt Aftenposten. Nemleg at aktørar har «forsøkt å skremme henne fra å ha innflytelse under regjeringsforhandlingene». Som da nettopp er ført til ende på Jeløya.

Politikaren seier ho sikkert kan ha gjort «noen dumme ting», men at vedkommande ikkje er nokon overgripar. Det blir også anført at det ikkje er uvanleg at kvinnelege politikarar blir utsette for rykte. Motivet for ryktespredninga og at ho får gjennomgå frå folk på ytre høgre fløy, er den liberale innvandringspolitikken partiet hennar står for. Men ho har fortalt regjeringssjefen si historie.

Dagbladet går så over i å fortelja at politikaran midt under forhandlingane også har måtta vitna i ei rettssak om trugsmål ho har vore utsett for.

 

VG vel å spørja den nyslåtte kulturministeren sjølv. Dagen etter kjem ei sak med overskrifta:

«Mener at jeg ikke gjorde noe galt.»

Her fortel kvinna at ho er oppvaksen i Trøndelag med bygdefestar.

«Det er helt sikkert skjedd ting som kan fremstilles på en måte som ikke en kulturminister skal opptre på. Men dette har vært i helt andre roller i livet. Jeg var i en helt annen fase av livet.»

At ministeren den gong var første nestleiar i Venstre og stortingsrepresentant, blir ikkje nemnt.

Raskt blir dekninga av saka til vitnesbyrd om kor tungt det heile er for den nå 47 år gamle partileiaren.

«Det har vært tung og tøft, det skulle vært mye hyggeligere», får ministeren seia, gråtkvalt. VG følgjer opp med spørsmål som «Hvordan går det inn på deg?» og «Skal du virkelig tåle dette?

Men VG vender seg også til regjeringssjef Erna Solberg, som bekreftar at historia frå festen i Trøndelag har vore på bordet mellom dei to.

Partilederne Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) (t.v.) og Trine Skei Grande (V) på Hotel Jeløy Radio - etter regjeringsforhandlingene i vår. Foto: Lise Åserud, Scanpix

– Vi driver en tillitsbasert vetting (gransking) av påtroppende statsråder. De må fortelle hva som er historien. Hvis de ikke snakker sant, betyr det at de mister tilliten. Det er basisen i disse samtalene, fortel statsministeren.

 

Så eitpar dagar etterpå har VG snakka med mannen. Han fortel om kontakten han og den påtroppande ministeren hadde: 

«Torsdag 11. januar hadde han og Grande igjen kontakt, forteller 26-åringen.

I en SMS spurte han om det greieste ville være å fortelle sannheten. Da ringte Grande.

– Mitt utgangspunkt for vår enighet om å ikke si noe, var at jeg opplevde at vi var enige om hva som hadde skjedd. Men i den samtalen spurte jeg hva som var hennes versjon, sier han.

– Da fikk jeg sjokk. Hun fortalte at hennes versjon var at det hadde vært en fest hvor venner koste seg og hvor jeg hadde dratt med henne bak et hus og hoppet på henne, sier mannen.

VG vet at denne versjonen av historien er noe Grande også har formidlet til andre.»

Det smått utrulege med saka der mannen fortel, er at fire stykk journalistar i landets største avis, klarer redigere det overståande heilt nederst i saka. Og heilt til sist må mannen svara for sitt ansvar:

- Du ser at det kan ramme Grande? Du var 17, hun 38?

Men mannen mistar ikkje tolmodet. Han ønskjer henne alt godt, seier han. Han har berre levd med dette i ti år og vil ikkje gå i ti år til og vera redd for at nokon skal tru at han har gjort noko galt.

I saka ligg også eit videoklipp der statsministeren blir konfronterer med den nye informasjonen. Erna Solberg seier at ho ikkje kjem til å kommentera saka.

 

Kjetil Rolness har skrive poengtert om då Ap-toppen Roger Ingebrigtsen i 2012 trekte seg som stortingskandidat og statssekretær då det kom fram at han i 2004 som 37-åring hadde eit forhold til ei då 17 år gammal jente.

Ingebrigtsen sa til VG at: Det var feil av meg som voksen mann å innlede en seksuell relasjon til en ung kvinne. Han konstaterte at politikk handler om tillit og meinte avsløringa svekka tillita til hans dømmekraft.

Rundt han såg folk til vera enige. Partisekretær Raymond Johansen kalla saka alvorleg, og det er aldersforskjellen mellom dei to som er temaet. Sjølv om det også skal vera sagt at jenta i den tida relasjonen starta også var tillitsvalgt i partiet.

Også denne unge personen ønskte å bli skjerma, og det var grunnen for at partileiinga i Ap var ordknappe, men berre konstaterte at her var det sviktande dømmekraft og tid for å gå.

Ingebrigtsen sjølv gav uttrykk for skam og anger, og saka var ferdig snakka.

 

Historiene har, som Rolness, påpeiker i sin kronikk, enkelte forskjeller. Men eit heilt identisk omdreiningspunkt. Ein stor aldersforskjell, og det ansvaret som følgjer for den eldste.

Det var knapt problematisert av nokon den gong.

Enkelte hevda den gong at avsløringa var ein drittpakke med veldig god timing inn i nominasjonsprosessen, men Ingebrigtsen lufta ingenting om slike tankar. Ei heller noko om kor tungt det er å vera mannleg politikar. Han tok sin hatt, sitt ansvar og gjekk.

 

Då episoden frå kornåkeren i Trøndelag kom opp, kom det også raseri og indignasjon. Over avisa som omtalte saka. Først fordi det angiveleg berre var ryktemakeri og det fullstendige nonsens.

Seinare var det at Resett er ei useriøs avis som ikkje driv journalistikk, men agenda og kampanje. Og lat også det vera sagt; eg er ikkje noko umiddelbar fan av Resett eller gågod-ar for alt dei driv med.

Men så trur eg heller ikkje aviser gjennomgåande er Jean D´Arc´ar med snøkvite motiv.

 

Informasjon er gull verd. Og uansett kor ræva Resett er, pardon my french, blei historia bragt på bordet. Likevel var det lite interesse for fakta.

Då rykte-karakteristikken ikkje lenger dugde, blei det omsynet til mannen som blei argumentet mot vidare debatt. Også ministeren brukte omsynet til den andre parten som grunn for å seia minst muleg.

(Når elles har ubehaget til potensiell fornærma part vore gangbar som grunn til å la vera å undersøkja om urett har skjedd?)

Likevel. Så viktig var historia at den påtroppande ministeren fann grunn til å ta den opp med sin nye sjef.

Dersom det er slik at versjonen ho fortalde statsministeren er ein heilt annan enn det den andre parten trudde dei var enige om, veit me ikkje grunnen til det.

Og kvifor statsministeren ikkje finst interessert i å høyra den andre parten når sannferdighet er så viktig i vettinga, veit me heller ikkje.

Men det me veit, er at trøbbelet Høgre og Erna Solberg akkurat nå står til livet i, er eit resultat av manglande intel, manglande lytting, for lite informasjon på bordet og for seint.

Det me også veit, er at det ikkje manglar på festtalar når det gjeld det dobbelte stigma gutar er utsette for når det gjeld uønskt seksuell merksemd.

Likevel er det underleg uinteressant for statsminister og presse at den unge mannen føler seg uthengt som ein overgripar, at han ikkje i ti år til vil ha det heftande ved seg at han har gjort noko galt.

 

Historia har ingenting med #metoo å gjera, har eg frå fleire fått beskjed om. Forsøk på etterpå-shaming er jo veldig ridderleg. Og så må berre folk ta oppgjer med sine eigne fordommar om eldre kvinner og yngre menn.

For når det kjem til menn, gjeld det andre reglar.

Då kan ein sytttenåring vera oktoberbarn, om han kjem frå Afghanistan. Ein 17-åring i ein kornåker i Trøndelag er rett og slett berre over den seksuelle lågalderen. Ein mann. Eller litt kjepp.

Til toppen