Einar Tho ny redaktør i Haugesunds Avis

Samfunnsredaktør blir ansvarlig redaktør.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Styret i Haugesunds Avis har tilsett Einar Tho som ny ansvarleg redaktør i Haugesunds Avis.

Det melder Amedia i en pressemelding på amedia.no.

Tho kjem frå stillinga som samfunnsredaktør i Haugesunds Avis, og har lang fartstid i mediehuset.

– Vi er svært glade for å ha fått ein erfaren redaksjonell leiar som i tillegg kjenner både huset og regionen godt, seier avtroppande styreleiar Nina Refseth.

I samband med den ordinære generalforsamlinga i Haugesunds Avis, kjem konserndirektør Pål Eskås inn som ny styreleiar.

– Haugesunds Avis er no godt rusta for å møte dei utfordringane heile mediebransjen står framfor, og eg ser fram til å samarbeide med både Einar Tho og Øystein Vormestrand frametter, seier Eskås.

– Haugesunds Avis er eit viktig mediehus for regionen vår, og med glede og respekt ser eg fram til å vera ansvarleg redaktør her. Saman med gode og dyktige kollegaer skal eg jobba hardt for at me i enda større grad gir folket i regionen det dei treng av informasjon, forklaring og underhaldning. Me skal ta debattane og skapa og visa engasjement, uttaler Einar Tho. 

Han tiltrer stillinga 15. april.

Powered by Labrador CMS