STILLING LEDIG:

Firda søker journalist

Vi er på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 12. juli

Om arbeidsgiver

Firda held til i Førde og er lokalavis for sju kommunar i Sogn og Fjordane. Vi er 18 årsverk i redaksjonen. Samla når vi 39.000 lesarar gjennom mobil, nett og papiravis kvar dag.Firda blir redigert på nynorsk. Firda blir gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område, og har dei siste åra vunne nasjonale prisar for å levere ein nyheitsnettstad med særpreg. No ser vi etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga.

Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane. I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort. Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Idar Stadheim er leiar for redaksjonsklubben.

Les meir om korleis det er å jobbe i Amedia her.

Kontaktinformasjon

  • Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør, tlf: 970 55 202

SØK HER

Powered by Labrador CMS