Finansminister Siv Jensen, BT-kommentator Eirin Eikefjord og skribent Magnus Bernhardsen.
Finansminister Siv Jensen, BT-kommentator Eirin Eikefjord og skribent Magnus Bernhardsen. (Foto: NTB Scanpix / BT / Privat / montasje)

KOMMENTAR

Er ein verkeleg lettkrenka om ein lurer på kva finans­ministeren meiner med å knusa «dei jævla sosialistane»?

«Eirin Eikefjord i Bergens Tidende si avskriving av sitt publikum er ganske oppsiktsvekkjande», skriv Magnus Bernhardsen.

  • Endret
  • MAGNUS BERNHARDSEN, humørlaus jævla sosialist

 

Omløpsfarta på nyheitssyklusen går raskare og raskare. Det kjennest alt som om det er ei veke sidan partileiar og finansminister Siv Jensen, visstnok med glimt i auga og smil om munnen, oppmoda festlyden på landsmøtet til FrP om å knusa dei jævla sosialistane.

Etter at utsegna skapte overskrifter laurdag kveld kom ein sundag med fullt køyr på sosiale media, krav frå stortingsrepresentant Trettebergstuen (Ap) om ein reaksjon frå statsminister Solberg – og ei orsaking frå Jensen sundag kveld.

Dinest kom kommentarane om at no hadde ein gjort ei fjør til fem høns, og kva har vel ikkje folk sagt på nachspiel eller sunge rundt leirbål. Og det er desse siste kommentarane eg har lyst til å seia litt om.

Fyrst, eg er nok blant sosialistane Jensen og FrP vil knusa. Det er heilt greitt. Eg tykkjer godt ein kan seia det om det er det ein vil, og ein kan sjølvsagt spøka med det om ein tykkjer det er ein artig spøk. Til vanleg er ein jo van med at FrP er svært hårsåre på eigne vegner, så det er mogleg ein kan sjå på denne saka som ei opning for at det er greitt å ta i litt i politiske ordskifte.

Eg tykkjer også det er heilt rimeleg av folk å reagera negativt på å utsegna til Jensen, og eg forstår at det vart mykje snakk om det. Det er jo ein ganske aparte ting å seia. Etter mitt syn burde sosialistar vera nøgde med at Jensen fekk spørsmål om kva ho faktisk meinte, og så leggja saka i mappa av tåpelege ting FrP har sagt til bruk neste gong nokon av dei er forarga over ein raptekst eller eit veggmåleri.

Det som fekk meg til å le høgast i denne omgangen var Eirin Eikefjords kommentar i Bergens Tidende 6. mai om «Den jævla humørløsheten». Eikefjord hevdar humørløysa er «et betydelig større problem enn både Siv Jensen og sosialistene til saman».

Den norske ålmenta er nemleg vorte «en lettkrenket, humørløs idiot som ikke forstår ironi» og eit «forutsigbart medieapparat bærer ved til krenkoramaet ved å utelate viktige nyanser».

For å underbyggja denne påstanden trekk ho fram at Torbjørn Røe Isaksen fekk mykje pes for å kalt quiz-laget sitt Hvit Makt på ein fest, og reaksjonane på spøken (?) til Siv Jensen om å knusa dei jævla sosialistane.

Er verkeleg ålmenta ein lettkrenka humørlaus idiot som ikkje forstår ironi?

Eg tykkjer i seg sjølv det er vanskeleg å omtala ålmenta som ein person på denne måten. Ålmenta er samansett, og det var ei rekkje ulike reaksjonar på talen til Jensen. Og kanskje viktigare: Ålmenta er lesarane til Eikefjord, det er abonnentane til Bergens Tidende, det er dei på Twitter og det er alle dei som ikkje ein gong fekk med seg ordskiftet.

Denne avskrivinga av publikummet sitt er ganske oppsiktsvekkjande.

Med eit utgangspunkt om at lesarane er lettkrenka idiotar kan det umogleg vera motiverande å skriva kommentarar. Det er litt pønk over det då, slik «alle er så streite, ingen forstår noko likevel, så vi vil helst ikkje selja plater fordi dei som kjøper er idiotar uansett».

Eikefjord råkar betre med kritikken av medieapparatet (som sjølvsagt også er del av ålmenta). Lesarane og dei aktive på sosiale media diskuterer sjølvsagt med utgangspunkt i kva avisene og andre media skriv om, og korleis dei presenterer sakene.

Igjen, er det verkeleg ålmenta som er idiot når folk snakkar om det som stod i avisa?

Og kor mange nyansar er det eigentleg Eikefjord ynskjer seg? Eg såg folk på ytre venstre som delte sine eigne songar og slagord, eg såg folk på høgresida som tykte Jensen gjekk for langt, det var vitsing, det var folk som såg ut til å gjera seg meir opprørte enn dei nok var, det var folk som bles av det heile.

Kven var idiotane? Alle som éin, om vi skal tru Eikefjord. Ingen forstod ironi. Til og med dei som vitsa om Jensen var humørlause. Dei som vitsa om overspelte medie også. Dei som ikkje let seg krenka var også lettkrenka. Dei som stolt utbasunerte «eg er ein jævla sosialist» var del av krenkoramaet.

Jaggu sa eg nyansert.

Er ein verkeleg lettkrenka om ein stiller spørsmål ved kva ein finansminister og leiar av eit regjeringsparti meiner med å bretta opp ermene og knusa nokre jævla sosialistar? Er det urimeleg å ville få klårleik i det? Er det verkeleg så merkeleg å tenkja seg at dette kunne innebera eit trugsmål om vald?

Om ein er blant dei mektigaste personane i landet, og har den posisjonen som resultat av korleis ein har manøvrert i media gjennom fleire tiår er det verkeleg ikkje rart om folk merkjer seg ei slikt utsegn og lurer på kva som ligg i det.

Og er det no så sikkert at det er eit problem at ålmenta er humørlaus? Eg tykkjer ikkje det. Eg har det jo med å lika keisame, faktaorienterte og puritanske politikarar, så det kan vera det berre er meg.

Men politikk er jo blodig ålvor, og ålvorlegare vert det for kvar dag vi ikkje tek skikkeleg tak i klimakrisa. Eg mistenkjer at humørløysa i politikken er eit problem for journalistar og kommentatorar som er nøydde til å leva midt i det politiske spelet, medan det ikkje naudsynleg er slik for oss andre.

Eg saknar ikkje god stemning, eg saknar ikkje humør. Eg vil at folk skal verta halde til ordet sitt, og at ein skal få gjort klårt kva ein meiner med utsegner.

Ei ålmente der alle berre kan seia nett kva som helst, og så berre blunka litt og smila, det er ei ålmente eg fryktar mykje meir enn at ein og annan vits verte teke på ålvor.

Til toppen