Redaktør Svein Olav B. Langåker, nyheitsleiar Andrea Rygg Nøttveit og journalist Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal i Framtida.no-redaksjonen. Ingvild Eide Leirfall var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Framtida.no feirar 10 år: – Skal vera eit lokomotiv for nynorsk på nett

– Målet vårt har heile tida vore å styrkja og visa fram engasjementet til unge, sier redaktøren.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Framtida.no feirer ti år, opplyser dei i ei pressemelding. 

Nyhende- og debattavisa for unge blei til gjennom eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Landslaget for lokalaviser.

– Målet vårt har heile tida vore å styrkja og visa fram engasjementet til unge, og vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, seier redaktør Svein Olav B. Langåker. 

Frå å jobba åleine med avisa i starten, er redaksjonen no tre redaksjonelle medarbeidarar i Oslo og éin på Stord. I tillegg kjem to journalistar i Framtida Junior-redaksjonen.

Den nynorske avisa har sett fleire brukarrekordar sidan starten, og er no mellom dei største mediekanalane på nynorsk. 

– Eg er også veldig glad for at me stadig klarer å setja dagsorden i fleire saker, seier Langåker, og viser til at talet på siteringar i andre media er aukande.

I 2019 leia Framtida.no eit stort klimajournalistikkprosjekt i lag ABC Nyheter, Energi og Klima og ei rekkje lokalaviser. Her skreiv Framtida.no om både lokal klimarisiko og klimaløysingar for framtida.

I samband med 10-årsjubileet feirar Framtida.no med å invitera ungdom til å bli med på ein skrivekonkurranse om håp.

– I ei tid med koronapandemi, klimaendringar, rasisme, polarisering og ganske mange nyhende utan håp, så ønskjer me å invitera ungdom til å skriva om kva som gjer dei håp og kva dei håpar på for framtida, sier Langåker.

Powered by Labrador CMS