Frode Berg haldt pressekonferanse på Radisson Park Inn Hotel Gardermoen tysdag.

Frode Berg med tydelege avgrensingar for media på pressekonferansen tysdag

– Eg tillèt meg privilegiet å gripa inn dersom de kjem inn på tema som me ikkje ynskjer å snakka om, sa Frode Berg sin advokat, Brynjulf Risnes.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tysdag inviterte spiondømte Frode Berg pressa for første gang etter at han vart utlevert frå Russland etter å ha sete fengsla i Moskva sidan desember 2017.

Det skjer fem dagar etter at han vart utlevert til norske styresmakter i Litauen.

– Enno tidleg i prosessen

Det var på Radisson Park Inn Hotel Gardermoen at Berg og advokat Brynjulf Risnes tok imot eit avgrensa utval medium for pressekonferanse.

Risnes innleia pressekonferansen slik:

Frode Berg sin advokat, Brynjulf Risnes.

– Mange vil kanskje seia at det er gode gamle Frode Berg som sit her no, men det er faktisk ikkje heilt sant. Ingen kan gå gjennom det han har gått gjennom dei siste to åra utan å bli forandra av det. Det er enno tidleg i prosessen, og difor legg med visse avgrensingar på prosessen.

Avgrensingar om talet på medium

Deretter følgde han opp:

– Det fører mellom anna til at det er eit avgrensa tal på journalistar her.

Dei frammøtte journalistane kom frå høvesvis TV 2, Aftenposten, NRK, VG, P4, Dagbladet, NTB og lokalavisene iFinnmark og Sør-Varanger Avis.

Frode Berg haldt pressekonferanse på Radisson Park Inn Hotel Gardermoen tysdag.

– Det er eit par små andre avgrensingar her. Det gjeld tema. Det gjeld særleg tema knytt til informasjon han har fått under rettssaka i Moskva. Eg tillèt meg privilegiet å gripa inn dersom de kjem inn på tema som me ikkje ynskjer å snakka om. Elles vil ordet vera fritt, la Risnes til.

Deretter fekk Berg ordet i dryge seks minuttar, før dei inviterte journalistane fekk høve til å stilla spørsmål.

– Litt spesielt

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening reagerer slik på avgrensingane.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

– Det er jo hans pressekonferanse, så han står jo for så vidt fritt til å velja kva han vil snakka om. Men det er jo litt spesielt, seier han.

Seansen gjekk derimot saumlaust føre seg, og dei fleste spørsmål vart svara på – utan at advokat Risnes måtte gripa inn.

Frode Berg varsla mot slutten at han vil koma med bok om det han har opplevd.

– Kjem det mykje krut? ville ein journalist vita.

– Det må jo vera med. Difor må eg spara litt her frå. De får ikkje alt, sa han.

– Korleis taklar du presseoppbodet? vart Berg spurt av VGTV på veg ut av hotellet.

– Det går bra.

Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå Risnes tysdag kveld.

Powered by Labrador CMS