Skjermgrabb frå NRK si Dasgsnytt 18-sending fredag 9. november. I biletet: Risten Turi Aleksandersen, programleiar Espen Aas, og nedst til høgre debattantene Marte Michelet og Bjarte Bruland.

Gløym dette Dax18-studioet. No byggjer dei ei splitter ny leikegrind for skravleklassen

– Det gamle radiostudioet har ikkje vore tilrettelagt for TV, seier Eva Midttun Leira i NRK.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

For mange er det grøne NRK-studioet sjølve kjenneteiknet på det ujålete, trauste – og alvorlege – debattprogrammet som samlar samfunnsengasjerte landet over klokka 18 kvar vekedag.

No skal det tradisjonsrike studioet til Dagsnytt 18 og Politisk kvarter vrakast til fordel for eit nytt og meir moderne studio like ved med nyheitsdesken til NRK på Marienlyst.

– Det er jo på tide, det er jo det, ler redaksjonsleiar i Nyhetsmorgen, Eva Midttun Leira, når ho får spørsmål frå Medier24. No skal nemleg både Nyhetsmorgen og Dagsnytt 18 sendast i det ferske studioet som er på veg opp.

Eva Midttun Leira, redaksjonssjef NRK Nyhetsmorgen, og Erlend Rønneberg, prosjektleiar for visuell radio. Her i det gamle Dagsnytt 18-studioet.

Intimt og heimekoseleg

Det noverande studioet har vore nytta av Dagsnytt 18 sidan 1999, og blitt vist på tv-skjermane sidan 2007.

Saman med prosjektleiar for visuell radio, Erlend Rønneberg, leiar Midttun Leira arbeidet med det nye studioet som er på veg opp.

– Eit radiostudio kjennest litt meir intimt og heimekoseleg. Me vil bevare det, samstundes som det skal sjå betre ut, seier Rønneberg til Medier24.

– Me skal gjere det så lite framand som mogleg for gjester. Om ein skulle ha laga eit reint tv-studio, ville det blitt ganske framand – særleg for lite medievande gjester, seier han vidare.

 Saka held fram under biletet.

 

Det nye studioet til Dagsnytt 18 og Nyhetsmorgen på Marienlyst. Det vil stå ferdig i 2019.

Ståande gjester?

På nyåret, kanskje så tidleg som i februar, vil studioet vere ferdig. Det er med andre ord mykje arbeid som står att.

– Akkurat no testar me mange ulike bordvariantar. Me veit ikkje heller ikkje om gjestane skal stå eller sitja, og så er me usikre på kor blått det skal bli, seier ho.

– Så Dax18-gjestane skal kanskje stå framover?

Teikningane til det nye radiostudioet. Eva Midttun Leira er klår på at det kan bli endringar.

– Det veit me ikkje enno, seier Midttun Leira, og føyer til:

– Ein står i både «Debatten» på tv og i dei fleste tv-sendingane til distriktskontora. Det er ein grunn til det. Samstundes gir det ei anna kjensle å sitje. Kanskje får ein meir ro, og kanskje utviklar debatten seg annleis. Nye, og ferske, folk tykkjer det er skummelt å stå. Me driv og forskar på dette, for å finne ut kvar vår tone ligg.

 

220.000 såg på under Krf-dramaet

Jaran Ree Michelsen, vaktsjef i Dagsnytt 18, ser fram til å ta i bruk det nye studioet, men er klår på at det har visse fordeler å stå fram som «visuell radio».

– Litt av det som gjer at folk ser på Dagsnytt 18 er at det er radio på tv. Det gir ein annan dynamikk og profil enn Debatten og dei andre tv-programma. Ein får eit blikk inn i kulissane, seier han til Medier24.

Vaktsjef i NRK Dagsnytt 18, Jaran Ree Michelsen.

– Det er fleire som ser enn som høyrer på. Og så ser me at tv-døden er litt overdriven. Folk er der når ting skjer, legg han til.

Michelsen fortel at det var om lag 220.000 som såg på tv-sendinga til Dagsnytt 18 då Krf-dramaet sto på som mest.

– Til vanleg er det rundt 150.000 i snitt på tv, medan radio ligg d mellom 60-90.000 lyttarar, presiserer han.

Rønneberg fortel at det noverande studioet har vorte nytta så lenge han har arbeidd i NRK.

– Det har vore oppgradert teknologisk, men prinsippet er nøyaktig det same. Av dekor er det vel berre gardinene som er bytta ut, seier han.

– Det har halde seg fint då?

– Hyggjeleg at du seier det!

Det er enno ikkje avgjort kva som skjer med det gamle studioet.

 

Vil ha meir ut av gjestane

Midttun Leira meiner det nye studioet kan gi «forlenga liv» til gjestane og innslaga, mellom anna ved at dei vert meir delbare på sosiale media.

– Det som er viktig med det nye studio er at det er eit godt arbeidsstudio, og at det ser litt ålreit ut. Ein ser det over alt, i heile Europa, alt sjølv radio må ha eit slags visuelt avtrykk. For vår del, i Nyhetsmorgen, har me mange gode gjester me vil ha meir ut av. Om me no òg får dei på film, vert det enklare å bruke dei i nettsaker, og at dei får eit lengre liv for gjestane som er premissleverandørar i nyheitssendingane gjennom heile dagen. Det er eit viktig trekk.

Powered by Labrador CMS