Håkon Haugsbø forlet jobben som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Startar for seg sjølv
Håkon Haugsbø forlet jobben som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Startar for seg sjølv

FOLK

Håkon Haugsbø forlet jobben som kommunikasjons­sjef i Kirkens Nødhjelp. Startar for seg sjølv

Fem år i Kirkens Nødhjelp vart nok. Nå skal han gi råd til kundar og leie seg ut til føredrag og debattar.

Det melde Haugsbø sjølv på Facebook i dag.

I alt vart det fem år som kommunikasjonssjef og 20 år som journalist før han nå etablerer selskapet «Haugsbø».

- I Kirkens Nødhjelp har eg hatt spennande og lærerike år, og hatt gleda av å bygge opp og leie ei kommunikasjonsavdeling med eit dusin dyktige og dedikerte medarbeidarar. Eg har også reist til nokre av dei mest urolege og minst trygge stadene i verda, og fått innsikt i ein del av dei største utfordringane på kloden, skriv han.

Haugsbø fortel at han nå ønsket seg ei meir fri rolle.

- Men journalisten i meg er eit seigliva dyr, og skal no få ei friare rolle. Difor skal eg skal først og fremst jobbe med det eg kan og likar best; å leie debattar og samtaler på konferansar og seminar landet rundt. 

Til toppen