Harald Thingnes får nynorskpris.

Harald Thingnes får Kultur­departementet sin nynorskpris for journalistar

- Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, skriv juryen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

- Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, skriv juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, i ei melding torsdag. 

Ifølge meldinga kom prisen brått på prisvinnaren, som har vore journalist i NRK Sporten i 20 år:

– Eg er audmjuk og stolt over å få ein slik pris. Mange av dei tidlegare prisvinnarane er store språklege førebilete. Eg vonar at eg òg kan inspirere andre til å bruke ein levande og god nynorsk, seier Harald Thingnes.

Thingnes framhevar NRK som ein god arbeidsplass for å utvikle språket sitt. Han har aldri opplevd det som negativt å vere nynorskbrukar i NRK, sjølv om han i lengre periodar har vore den einaste nynorskbrukaren i NRK Sporten.

– Nynorsk har alltid vore det naturlege språket mitt, både privat og profesjonelt. Eg brukar det konsekvent til alt og alle, det finst ikkje noko alternativ for meg. Det er eit fantastisk språk og eg kjenner meg privilegert som fritt kan bruke språket mitt også på jobb, seier han. 

Solveig Barstad i TV 2 er leiar for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Ho har med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet.

Juryen legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke, same kva han rapporterer om.

Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Han vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og ifylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge.

– Eg veit kvar eg kjem frå, men tenkjer ikkje på at eg skal bruke dialekta mi. Eg er ein stolt og glad nynorskbrukar, seier Thingnes sjølv.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 8. juni. 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Heile grunngjevinga for å gje prisen til Harald Thingnes:

Harald Thingnes har vore ein markant historieforteljar i NRK-sporten i 20 år. Han har like lenge, med nokre unnatak, vore nærast ein einsleg minoritet som nynorskbrukar i den bokmålsdominerte sportsredaksjonen. Thingnes har såleis vore eit føredøme for alle nynorskbrukarar som har kome til, og han har vist at nynorsk er svært dugande som "sportsspråk".

Når det kjem ein fjernsynsreportasje frå Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat – du får ei kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk. For det er nettopp leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som har vore Harald Thingnes sitt varemerke, anten han rapporterer frå eit verdscuprenn i langrenn i Tyrol eller frå ein cupkamp i fotball i Alvdal. Ofte ser han noko i eit bilete som han på forunderleg vis kan spele på i forteljinga. Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte.

Harald Thingnes er oppvaksen i bygda Vevring i Naustdal. Han er språkleg trygg og nyttar nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge. Harald Thingnes er ein verdig vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018.

Powered by Labrador CMS