Fredag for halvannan veke sidan publiserte Stavanger Aftenbladet reportasjen med tittelen «Gi meg litt lykke før jeg dør - historien om Siw». Den handla om avdøde Siw (45), som i fleire tiår levde eit liv prega av rus, vald, psykiske lidingar og som ikkje fekk hjelpa ho hadde behov for.

Historia om den avdøde rusmisbrukaren Siw fekk 61 sider i Aftenbladet: Slik jobba dei fram saka
– Hjelpeapparatet fungerer ikkje i den forstand at dei er for dårlege til å samarbeida om denne utsette gruppa. Det har me fått ein umiddelbar debatt om, seier journalist Thomas Ergo i Stavanger Aftenblad.