Peder Lofnes Hauge og Synnøve Marie Sætre.

Historisk ung leiarduo: Peder (31) og Synnøve (29) til topps i Noregs Mållag

Venstre-politikar Peder Lofnes Hauge (31) og lærar Synnøve Marie Sætre (29) er innstilte som høvesvis leiar og nestleiar i Noregs Mållag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er Noregs Mållag sjølv som melder dette i ei pressemelding fredag.

Venstre-politikar Peder Lofnes Hauge frå Bergen er alt nestleiar, og får truleg med seg lærar Synnøve Marie Sætre frå Ørsta. Ho er tidlegare leiar i Norsk Målungdom. 

– Me kjenner oss sikre på at desse kjem til å forstå utfordringane for nynorsken. Trass at dei er unge, er dei røynde politikarar som kjenner det språkpolitiske landskapet godt, seier leiar i valnemnda Kirsti Lunde i meldinga.

Ho er også nøgd med innstillinga av resten av styret, som har variert bakgrunn.

– Valnemnda har fått mange gode innspel frå organisasjonen. Me har arbeidd for eit styre med viktig og variert kompetanse og er svært nøgde med at det nye styret består av skulefolk, folk med kompetanse på språkteknologi og lovarbeid og folk med mykje målpolitisk røynsle, seier Kirsti Lunde.

– Me er glade for å kunne presentere ei innstilling til nytt styre som svarar på det organisasjonen ynskjer, og som består av målfolk frå ulike delar av landet.

Magne Aasbrenn har vore leiar i Mållaget til no.

Om valnemnda får det som dei vil, skal det nye styret sjå slik ut:

  • Peder Lofnes Hauge (f. 1989), leiar, Bergen
  • Synnøve Marie Sætre (f. 1990), nestleiar, Ørsta
  • Inger Johanne Sæterbakk (f. 1981), Oslo
  • Anders Riise (f. 1969), Hareid
  • Kjetil Aasen (f. 1978), Oslo
  • Ellinor Bergli Bustad (f. 1970), Skaun i Trøndelag
  • Gunnhild Skjold, vald av Norsk Målungdom.
  • 1. vara: Bjørn Seljebotn (f. 1952), Bø i Telemark
  • 2. vara Birgitta Lim Ersland (f. 1989), Oslo
  • 3. vara Reidun Ramse Sørensen (f. 1952), Hadeland
  • 4. vara Øystein Skjæveland (f. 1968), Kvinnherad.

Noregs Mållag skulle hatt landsmøte på Sola siste helga i april, men dette møtet er utsett, grunna koronaviruset. Difor vert møtet truleg erstatta med eit digitalt landsmøte.

Powered by Labrador CMS