Skjermdump av NRK si sending av Erna Solberg sin presseoknferanse om koronaviruset torsdag.
Skjermdump av NRK si sending av Erna Solberg sin presseoknferanse om koronaviruset torsdag. (Foto: Skjermdump)

I 17 minuttar gjekk regjeringa sin korona-presse­konferanse utan teiknspråk-tolk

– Tolken burde vore synleg heile tida, seier Språkrådet-direktør Åse Wetås til Medier24. No tek regjeringa sjølvkritikk.

Torsdag møtte statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet pressa for siste nytt om korona-viruset.

Der lanserte dei dramatiske tiltak for å hindra smitte. Barnehagar, skular, treningssenter, barar og restaurantar blir stengt ned frå og med i dag, torsdag.

På livesendinga, produsert av Statsministerens kontor, tok det likevel 17 minuttar før teiknspråktolken, som omsette pressekonferansen for dei høyrselshemma, vart vist på skjermen.

 

– Ikkje nøgd

Det reagerer konstituert generalsekretær Elisabeth Frantzen Holte i Norges Døveforbund og språkdirektør Åse Wetås på.

Konstituert generalsekretær i Norges Døveforbund, Elisabeth Frantzen Holte. Foto: Norges Døveforbund

«I utgangspunktet er vi i Norges Døveforbund glade for å se at det kom tegnspråktolk på skjermen. Vi er imidlertid ikke fornøyde med at det tok 15 minutter før tolken kom og undrer på hva som var den bakenforliggende årsaken til dette», skriv Frantzen Holte til Medier24.

Ho får støtte av Wetås:

– Tolken burde vore synleg heile tida. Dette er kritisk og viktig informasjon som må ut til heile befolkninga i Norge, seier ho til Medier24.

No tek regjeringa, ved Statsministerens kontor (SMK), sjølvkritikk.

– Produksjonen fra DSS som ble vist i våre egne kanaler hadde tolk fra start til slutt. Dessverre gjorde en teknisk feil med routingen av signalet at det tok noe tid før det var denne versjonen som ble sendt ut til andre medier, som NRK. Det beklager vi, skriver kommunikasjonssjef ved SMK, Anne Kristin Hjukse, i ei melding til Medier24.

 

– Veldig viktig

Wetås peiker på at dei som har teiknspråk som sitt morsmål er særleg utsett når det gjeld å få god informasjon.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Det å sørgja for at tolkane er synlege heile tida er veldig viktig. Det må dei passa på kvar gong slike viktige meldingar skal ut til folket, seier Wetås.

– Dei hadde jo med ein tolk, så dei tenkte jo tanken?

– Det som er viktig er at dei som produserer sendinga, anten det er mediehus eller andre, får tydleg beskjed om at formålet med å ha ein tolk til stades er at vedkommande skal vera synleg – saman med dei som snakkar, seier ho.

 

Kjem med ei klar oppmoding

Påtroppande redaktør Knut Magnus Berge i Nyhetsdivisjonen i NRK seier det var meininga å ha med tolken.

– Kva tenkjer du om at vedkommande ikkje var synleg før etter 17 minuttar?

KNUT MAGNUS BERGE, utenriksredaktør i NRK.
Påtroppande redaktør Knut Magnus Berge i Nyhetsdivisjonen i NRK. Bilde: Anne Liv Ekroll, NRK

– Eg tenkjer det hadde vore bra om tolken kom med, seier han.

Pressekonferansen byrja klokka 14:09 torsdag, og varte til 14:30, og deretter følgde 30 minuttar med spørsmål frå det frammøtte pressekorpset.

Det var først klokka 14:26 – 17 minuttar inn i sendinga – at tolken vart vist, side-om-side med pressekonferansen.

Frantzen Holte i Norges Døveforbund oppmodar alle medium som skal filma framtidige pressekonferansar om å inkludera døve- og høyrselshemma ved å filma tolken simultant som andre aktørar – og ikkje klippe dei ut av biletet.

«I slike tider, der nyheter spres raskt og informasjon oppdateres til enhver tid er det viktig at døve- og hørselshemmede som har behov for tilgang til informasjon på tegnspråk, får det like raskt som alle andre i Norge. Døve og hørselshemmede er like mye utsatt for virus som de hørende, og det å ikke få informasjon på lik linje som andre fører til at bekymring og frykt økes ytterligere blant de i denne gruppen», skriv ho.

Til toppen