T.v: Den russiske gravejournalisten Anna Politkovskaja, som ble drept utenfor sin egen leilighet i 2006. T.h: Lene Wetteland i Den norske Helsingforskomité.
T.v: Den russiske gravejournalisten Anna Politkovskaja, som ble drept utenfor sin egen leilighet i 2006. T.h: Lene Wetteland i Den norske Helsingforskomité. (Foto: NTB Scanpix / Den norsk helsingforskomité)

KOMMENTAR

I dag ville Anna Politkovskaja blitt 60 år. Hadde ho ikkje blitt drept utanfor sin eigen leiligheit i 2006

«Over 200 journalistar har døydd i embets medfør i Russland sidan Sovjetunionens fall i 1991», skriv Lene Wetteland

  • Endret
  • LENE WETTELAND, leder av russlandavdelingen i Den norske Helsingforskomité

I dag ville ein av Russlands mest kjende og respekterte journalistar, Anna Politkovskaja, blitt 60 år, hadde ho ikkje blitt drept utanfor sin eigen leiligheit i 2006.

Ho er dessverre langt frå den einaste journalisten i Russland som har fått store konsekvensar av arbeidet sitt, men har også inspirert ei rekkje av modige, prinsippfaste journalistar i Russland som er stolte over å føre det viktige arbeidet hennar vidare.

Over 200 journalistar har døydd i embets medfør i Russland sidan Sovjetunionens fall i 1991.

Seks av desse var tilknytt Novaja Gazeta. Berre i 58 av tilfella har det vore tilstrekkeleg etterforsking til å kunne fastslå motivet sikkert, i følgje Committe to Protect Journalists.

Truslar, press og fabrikkerte tiltaler er daglegdags.

Ein av den uavhengige nettavisa Caucasian Knots journalistar, Zjalaudi Geriev, sit fengsla i Tsjetsjenia tiltalt for narkotikabrotsverk på andre året.

Elena Milasjina, ei av journalistane i Novaja Gazeta som har følgt utviklinga i Tsjetsjenia tettast dei siste åra, fekk fleire drapstruslar etter sine avsløringar av massive overgrep mot homofile og lesbiske i delrepublikken, og måtte ein periode forlate landet. 

Journalistane i kjende, Moskvabaserte avisar som Novaja Gazeta, radiostasjonen Moskvas Ekko og TV-kanalen Dozhd er dagleg under ekstra stort press grunna deira store utbreiing, men får også internasjonal merksemd om noko går gale.

Men dei aller fleste drap og åtak på journalistar går under radaren ettersom dei skjer langt frå det internasjonale søkelyset, i regionar som det internasjonale samfunnet ikkje kjenner til og ikkje dekker.

I regionar der modige journalistar avslører korrupsjon, maktmisbruk og overgrep hos regionale leiarar og føretak i sitt eige nabolag, og får smake konsekvensane.

Russiske journalistar er heller ikkje trygge i utlandet. 31.juli døydde tre journalistar som drog til Den Sentralafrikanske Republikk for å etterforske dei russiske leigesoldatane i gruppa Wagner.

Etterforskinga går framleis føre seg med spor både til den opposisjonelle eksil-oligarken Mikhail Khodorkovskij som finansierte reportasjen, og ein fiksar frå eit mediebyrå tilknytt Kreml-venen Jevgenij Prigozhin. 

Medan press på uavhengige journalistar er noko som ein aspirerande journalist nærast må vera førebudd på, har presset på private internettbrukarar auka over heile landet dei siste åra.

I følgje ein nyleg rapport frå advokatnettverket Agora har talet på daglege internettbrukarar i Russland auka frå 16 til 70 millionar i løpet av dei siste ti åra.

I den same perioden har dei registrert ikkje færre enn 214 tilfelle av vald eller truslar mot online aktivistar, bloggarar og online journalistar, inkludert fem mord og fleire mordforsøk.

Agora har registrert over 250 000 tilfelle av innstramming av internettfridom, inkludert ei klar auke i talet på folk i alle aldrar, frå skuleungdom til pensjonistar, som er arresterte for eige innhald på sosiale media, «liking» og deling og tiltalte for ekstremisme.

I Barnaul demonstrerte nyleg 200 lokale mot rettssakene som går mot tre unge borgarar – den eine ein ung student (19) som hadde bilete av Game of Thrones’ Jon Snow med glorie på si personlege side.

I følgje påtalen er dette ekstremisme og fornærmande for kjenslene til truande, og han risikerer fengsel opp til seks år.

Ein pensjonist i Toljatti tilbrakte to netter i arresten tiltalt for fem tilfelle av ekstremisme på grunn av videosnuttar på si side på det russiske sosiale nettverket VKontakte, men ho blei seinare frikjent. 

Samstundes er det også gjort forsøk frå russiske styresmakter på å hindra utstrekt bruk av meldingstenesta Telegram.

Appen som tillèt krypterte meldingar og vedlegg å bli sendt mellom deltakarar er blitt veldig populær. Mannen bak,  Pavel Durov, er i fleire tilfelle omtala som Russlands Mark Zuckerberg for det sosiale nettverket VKontakte.

Men i staden for lovprising i heimlandet er applikasjonen hans skulda for å bli brukt til terrorverksemd, blokkert, og han forlèt Russland få dagar før han venta å bli arrestert.  

For å ære Anna Politkovskaja og trekke merksemd til situasjonen i Russland, har Den norske Helsingforskomité kvart år markert dødsdagen med eit seminar i Oslo.

Her har det vore deltaking av journalistar frå Russland eller menneskerettsaktivistar som arbeider i Nord-Kaukasus eller med andre særlig utfordrande tema.

Me oppdaterer publikum på utviklinga i rettssaka, der fem personar no er fengsla, men bakmennene ikkje er identifiserte.

Det blir sjølvsagt seminar i år også i hennar ære, med journalistar som arbeider i ikkje anerkjente territorium i det tidlegare Sovjetunionen – dei sokalla svarte hola i Europa som få reiser til grunna dei politiske og økonomiske konsekvensane. 

For det er alltid nokon som trass alle praktiske, politiske og økonomiske utfordringar tek på seg det viktige oppdraget som også Anna Politkovskaja var så kjent for.

I uavklarte område der menneskerettsbrota er mange og risikoen for å bli straffa låg for dei som i praksis har makta, er det innbyggjarane som lid.

Ein journalist som reiser dit må ofte også ta rolla som menneskerettsaktivist eller motsett, ettersom dei er dei einaste som kan hjelpe anten konkret eller ved å gjere historia til ofra kjende.

Slik Anna gjorde det i Tsjetsjenia ved å gjere dei tragiske historiene frå Tsjetsjenia kjend for eit større publikum.

Og det er som motivasjon for denne viktige gjerninga at arbeidet og personen Anna Politkovskaja framleis er viktig så mange år etter hennar død – ho har motivert ei heil rekkje av journalistane som i dag arbeider under stadig vanskelegare kår i Russland, med stadig frykt for sensur, urettmessige tiltalar, vald eller til og med drap.

Me lyser fred over minnet hennar.

OBS: Vi gjør oppmerksomme på at dette innlegget ble skrevet torsdag og publisert fredag. 

Til toppen