Fagforbundet har ledig 100% fast stilling som rådgivar på informasjonsavdelinga. Stillinga er ledig frå 1. september 2022.
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 28.04
About employer
Fagforbundet er den største arbeidstakarorganisasjonen i landet, med omlag 400 000 medlemmar. Fagforbundet organiserar arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale, private og offenlege verksemder i tillegg til tilsette i sjukehus.
Fagforbundet arbeider for eit samfunn som er tufta på omtanke, solidaritet og samhald.
www.fagforbundet.no
Fagforbundet arbeider aktivt for å nå målsettingane i IA - avtalen.
Personar med minoritetsbakgrunn blir oppmoda til å søkje.
Informasjonsavdelinga har 15 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og medierådgiving. Vi har òg eige hustrykkeri.
No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg mange ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har brei kommunikasjonsfagleg erfaring, men som også har eit sterkt samfunnsengasjement. Framfor alt er vi ute etter søkarar som har god politisk og organisatorisk forståing, og som likar å samarbeide.
Arbeidsoppgåver
Produsere innhald til Oss tillitsvalgte, ulike trykksaker, nettsida og kanalane våre i sosiale media.
Samarbeide med, og gi råd til, yrkesseksjonane for å synleggjera yrkesgruppene til Fagforbundet.
Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
Ta del i andre oppgåver på avdelinga.
Kvalifikasjonar
Utdanning eller erfaring frå journalistikk, kommunikasjons- eller samfunnsfag.
Erfaring frå politisk og organisatorisk arbeid
Erfaring frå arbeid med sosiale media, blant anna med foto- og videoinnhald.
Relevant dokumentasjon skal leggjast ved søknaden i webcruiter.
Personlege eigenskapar
Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
Gode samarbeidsevner.
Sterkt samfunnsengasjement.
Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
Moglegheit til å jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver