Programleiarane Truls Lian (journalist) og Marie Olaussen (samfunnsredaktør) saman med Yvonne Laursen (seljar).
Programleiarane Truls Lian (journalist) og Marie Olaussen (samfunnsredaktør) saman med Yvonne Laursen (seljar). (Kirvil Håberg)

I to år har Tønsbergs Blad satsa på podkast. No har dei også fått annonsørane med på laget

– Men det vil ta tid å bygge ein lyttarskare. Det er ikkje kjempemasse pengar i podkast for TB enno, seier samfunnsredaktør Marie Olaussen.

Dei siste to åra har Tønsbergs Blad hatt ein podkast om lokalfotball. I oktober trappa dei opp satsinga ytterlegare med samfunnspodkasten «TB-podden».

No kan avisa fortelje at dei har lukkast med å få inn to annonsørar med kvar sin lokale podkast-tilpasse kampanje som vert representert ved start og slutt i kvar episode.

 

I startgropa

– Det tok ikkje kjempelang tid å finne annonsørar, seier samfunnsredaktør i Tønsbergs Blad, Marie Olaussen, til Medier24.

Når avisa vil byrja å tene pengar på podkast er likevel vanskeleg å svare på, både for Olaussen og seljar Yvonne Laursen.

– Me er i startgropa, så korleis utviklinga inntektsmessig er tykkjer eg er vanskeleg å svare på, seier Laursen.

 

Vil nå nasjonalt publikum

Olaussen føyer til:

– Det er eit stykke fram til det, men det viktigaste for oss er at det er eit nytt tilbod for lesarane og annonsørane våre. TB er ei lokalavis, men me er opptekne av å lage innhald alle i Norge kan høyre. Nedslagsfeltet lyttarmessig skal vere større. Men det vil ta tid å byggje ein lyttarskare. Det er ikkje kjempemasse pengar i podkast for TB enno no.

– Er det realistisk å byggje ein lyttarskare utanfor deira nedslagsfelt?

– Ja, det trur eg. Me har allereie lyttarar som ikkje bur her, men som tenkjer at det me lager er interessant. I samband med farsdagen, til dømes, lagde me fire podkastar om å vere pappa i 2018. Det kan veldig mange relatere seg til, seier ho.

 

Annonsør: – Naturleg

Annonsøren dei har fått med seg er Exelbil, Norges einaste bilbutikk som berre sel brukte elbilar.

I ein kommentar til TB, som Medier24 har fått attgjeve i ein e-post av avisa, seier Exelbil-gründer følgjande om kvifor dei ynskjer å annonsere i podkast:

– Me tykkjer det er viktig å vere synleg i flest mogleg relevante kanalar. Me er sjølv nyskapande i eigen bransje. Difor finn me det naturleg å vere leiande i annonsering i podkast lokalt. Me vonar dette kan bidra til å gjere oss endå meir synleg og kjent lokalt.

Til toppen