Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i PFU-møte 28. august 2019. Til høgre: Redaktør Esther Moe i Suldalsposten.

Debatt

Inntrykket er at pressa kan unnta seg frå krava den sjølv så høglydt stiller til all anna makt

«Denne saka kan ikkje kokast ned til eit spørsmål om korleis pressa ikkje skal behandla sine kjelder», skriv Esther Moe.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • ESTHER MOE, redaktør i Suldalsposten

At VG er felt av PFU for sin dekning av den av den etter kvart så berømte dansevideoen frå Bar Vulkan i februar, er knapt noko nyhende. At så måtte skje, var opplagt etter at avisa har skalta og valta med menneske og med sanninga og sjølv også har erkjent å ha gjort det.

Spørsmålet er ikkje om VG ville bli felt, men for kva, og korleis Pressens Faglege Utval ville sjå overtrampa. Korleis analysen og kjennelsen ville bli. Og den må dessverre seiast å mangla litt tenner, endå det jo slett ikkje manglar på kritikk.

Onsdagens PFU-kjennelse handlar i all hovudsak om journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene, som er kapittel 3 i Ver varsam-plakaten. Fire av dei fem punkta VG i går blei felt for handlar om kjeldearbeid, den femte går på publiseringsreglar.

Utvalet underlegg VGs eigen evalueringsrapport om saka same journalistiske vurdering som sjølve saka, ettersom også rapporten blei publisert i avisa. Og også her er det fellelsar. 

VG har i sitt tilsvar erkjent presseetiske overtramp, og det er først og fremst omsynet til Sofie som kjelde som står i sentrum. Forståeleg på eitt vis. Det eklaste og det mest eklatante med heile dekninga etter dansen på Bar Vulkan, var jo at VG i sin kåthet på å framstilla endå ei #metoo-sak med Trond Giske involvert, sjølv tillèt seg å trampa ned og invadera eit menneske. 

Midt i det alle visste var ein kamp rundt Giskes kandidatur og rolle i Ap, tok dei utan vidare ein fagforeingsmanns innrapportering av ei kvinnes private liv på byen og let tilsynelatande bilda gå rett i produksjonsmaskineriet.

Deretter blei den same vaksne kvinna pressa og insistert inn i ei offerrolle under det urørlege #metoo-banneret. Alt mens klikka hagla og mens Trond Giske mista vervet sitt i fylkesstyret, og nominasjonskomiteen mista sin føretrekte kandidat.

Ja, det er all grunn til å fordømma og kritisera VGs behandling av Sofie, først og fremst i kraft av at ho er eit menneske, deretter i kraft av at ho er ei kjelde, men denne saka kan ikkje kokast ned til eit spørsmål om korleis pressa ikkje skal behandla sine kjelder.

Overtrampa, slik dei nå er rulla ut, er så graverande at forbetringspotensialet når det gjeld kjeldebehandling og normal anstendigheit er servert med teskei, for ikkje å seia med pinsett.

Behandlinga av kjelder er uhyre viktig. Utan kjelders tillit, kan ikkje pressa gjera jobben sin, og konsekvensen av dårleg kjeldebehandling er at også sanninga blør.

Men saka VG nå er felt for, handlar om mykje meir enn kjeldebehandling, slik også Ver varsam-plakaten gjer det. Det burde onsdagens PFU-kjennelse også gjort.

Ver varsam-plakaten startar med pressens samfunnsrolle. Det er her det så vakkert står skrive:

«Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle».

Det er den overordna refleksjonen rundt nettopp dette som manglar i PFU-kjennelsen. Det blir for enkelt å bli ståande å spinna i erkjenninga av dei etiske overtrampa mot eit menneske; det som er avdekt, er så grovt at synda formeleg er sjølvforklarande.

Dei kritiske spørsmåla mot VG startar lenge før sjølve kontakten med Sofie. Eitt av dei må handla om kva vurderingar avisa gjorde rundt at dansevideoen dukka opp slik den gjorde. 

Det er blitt vektlagt at Sofie var ein uerfaren kjelde, og det er rett at belastninga og trykket sjølvsagt vil opplevast som sterkare for den som aldri har søkt medias merksemd.

Men Sofie er ikkje det einaste offeret i saka. Trond Giske blei kjapt utropt til kødd både i redigerte og uredigerte medier og kommentarfelt og har sjølv fortalt om korleis det var å bli dratt gjennom gjørma.

Han har stått det av. Men den demokratiske prosessen i fylkesstyret i Trøndelag Ap, overlevde ikkje. Skandale-bilda frå Bar Vulkan var ikkje gamle før Giskes nominasjon til styrevervet der var kansellert, og alt nedlagt arbeid kunne hivast i søpla.

Pressa har makt. Den enkelte journalist har makt. Makt til å gjera folks liv til eit helvete, til å vippa forankra avgjerder i løpet av nokre timar. Det kan skje i tankeløyse, og det kan skje med overlegg som ein del av ein agenda.

Fleirtalet av PFU ville ikkje vera med på Agderspostens Liv Ekeberg sin kritikk om kampanjejournalistikk i går. Det er rart. Sjølvsagt kan ingen granska hjartet og nyrene til redaksjonen og redaktørane i VG. Men med tanke på kor kompromisslause pressa sjølv er på systemkritikklabben i møte med andre maktinstansars overtramp og feil, verkar det både naivt og beskyttande når pressas eiga vaktbikkje går av vegen for å ta i sine eigne med like kontant labb.

Og med mektige VG, som sjølv kan la alt saman gå utan andre konsekvensformer enn rokeringar og permisjonsmånader, er det etterlatne inntrykket at den fjerde statsmakta kan unnta seg sjølv frå krava den sjølv så høglydt stiller til all anna makt.

Det må vel vera innbegrepet av makt.

Powered by Labrador CMS