Medier24 har tatt «Sommerpraten» med Vårt Land-journalist Ruth Einervoll Nilsen.

Sommerpraten

– Eg ser for meg at kunnskapsminister Guri Melby er kul på fest

Statsråden overrasket Vårt Land-journalisten Ruth Einervoll Nilsen i regjeringens mye omtalte dansevideo, fortel ho i Sommarpraten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Sommarpraten» stiller Medier24 ei rekkje personar i og tett på mediebransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar.

Neste ut er Ruth Einervoll Nilsen, nyleg tilsett journalist i Vårt Land. 

– Korleis oppsummerer du første mediehalvår 2020? 

– Heftig, men inspirerande. Dekninga av pandemien har fått fram det beste i mange journalistar, og vist opplysning, analyse og historieforteljing på høge nivå. Eg har inntrykk av at mange har funne sterk meining i yrket denne våren. Det synest i dekninga.

 – Kva er årets flause til no?

– Regjeringas dansevideo til «Til Dovre faller» var smertefull og hinsides gøy. Trass ubehaget er det verdt å studere haldninga til ein og ein statsråd i klippet. Der overraskar kunnskapsminister Guri Melby. Ser for meg at ho er kul på fest.

– Kva bransjeperson har imponert deg i år?

– Trine Eilertsen har imponert i mange år, men ekstra verdt å nemne no som ho blei sjefredaktør i Aftenposten. Klok, pedagogisk og skarp. Analysene hennar i Aftenpodden er redninga i veker med politisk kaos.

– Kva gjer du i sommar?

– Drar heim til mor og far, kor det blir masse bading, quiz, turar på Jærstrendene og god sjømat. Tilbake i Oslo gler eg meg til ei veke på oppdagingsferd på min nye sykkel.

– Kva medievanar tar du med deg på ferie? 

– Podkastar, pushvarslar og papiravisa til Vårt Land. Iallefall quizen på laurdagar.

– Kva er den største tabben du har gjort som sommarvikar?

– Ingen spektakulære, men stupte rett i klisjeane i min første sommerjobb i Stavanger Aftenblad. Det er ikkje mange år sidan eg pitcha «få kvinnelege bookingar på festival» og «treng fleire blodgivarar» på morgonmøte. Eg kunne nok vore betre orientert om dekninga frå tidlegare.

– Kva er ditt beste råd til årets sommarvikarar?

– Ikkje nøl med å spør om alt du lurer på, frå enkle praktiske ting til journalistiske vurderingar. Grensa for kva som er masing er mykje høgare enn du trur. Og audmjukskap er ein ganske ålreit dyd, sånn generelt.

Powered by Labrador CMS