Jon-Fredrik Klausen
Jon-Fredrik Klausen (@gundersenogmeg)

FOLK

Jon-Fredrik Klausen har fått fast jobb i Nationen

I tillegg hentar avisa inn fire vikarar.

Nationen har tilsett Jon-Fredrik Klausen i fast jobb, skriv avisa i ei melding torsdag.

Han har bachelor i Medier og Kommunikasjon ved Høyskolen i Oslo og Akershus og har mellom anna jobba i NRK Østfold og NRK Hedmark og Oppland.

Klausen kom til Nationen i januar 2019, og har no blitt tilsett i fast stilling. I tillegg hentar avisa Andrea Sofie Aasvang, Line Omland Eilevstjønn, Kari Nygard Tvilde og Oddvar Sagbakken Saanum på vikariat.

Svein Ove Hansli, nyhetsredaktør i Nationen
Svein Ove Hansli, nyheitsredaktør i Nationen Foto: Eira Lie Jor

- Nationen har hatt veldig god respons på dei utlyste stillingane og dei vi har tilsett er dyktige folk som vi gleder oss veldig til å få på laget. I søknadsbunken var det mange særs gode søkjarar og det var rett og slett ei glede å ha så mange flinke kandidatar inne til intervju. Vi får inn journalistar med både erfaring, kompetanse og interessse for vår nisje. Som alle andre redaksjonar vektlegg vi digital kompetanse når vi tek inn nye folk. Dei vi har tilsett no er moderne journalistar som vil vere med å styrke Nationen på alle plattformer, seier nyheitsredaktør Svein Ove Hansli i meldinga.

Aasvang er ferdig utdanna frå høgskulen i Volda i vår og er no i praksis i Dagsnytt 18 i NRK. Aasvang har tidlegare vore vikar i Nationen. Ho er tilsett i eit eitt års vikariat.

Omland Eilevstjønn kjem frå Vest-Telemark Blad til eit lengre vikariat som varer ut 2019. Ho har jobba i NRK og er tidlegare nynorskpraktikant på Nynorsk mediesenter.

Kari Nygard Tvilde er tilsett i eit kortare vikariat og har saman med Sagbakken Saanum fått sommarvikariat i Nationen.

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen