Karen Anna Kleppe og Ivar Lid Riise til TV 2 sin innanriksredaksj i Bergen.
Karen Anna Kleppe og Ivar Lid Riise til TV 2 sin innanriksredaksj i Bergen. (Foto: Privat)

FOLK

Karen Anna Kleppe og Ivar Lid Riise får fast jobb i TV 2

Skal jobbe i innanriksredaksjonen i Bergen.

Onsdag ettermiddag skriv TV 2 i ei pressemelding at Karen Anna Kleppe frå Kvinnherad og Ivar Lid Riise frå Ålesund er fast tilsett hos TV 2 i Bergen.

Kleppe kjem frå lokalavisa Kvinnheringen, kor ho har røynsle frå undersøkjande journalistikk, ifølgje meldinga. Ho har også jobba i Firda via Nynorsk avissenter.

– Å få fast stilling i eit nasjonalt medium som TV 2 ser eg på som ein fantastisk sjanse på alle moglege måtar, seier Kleppe.

– Elles er eg spent på heilt nye oppgåver og sikkert ein bratt læringskurve. Men først og fremst er eg veldig klar for å gjera ein så god jobb som mogleg saman med nye kollegaer på ein ny og spanande arbeidsplass. Dette gler eg meg til, fortel Kleppe.

Ivar Lid Riise har vore tilsett i ulike stillingar i TV 2 Nyhetene i Bergen sidan 2015. Han starta sin karriere i Møre Nytt i Ørsta og jobba i NRK før han kom til TV 2 Nyhetene. Han har òg jobba som prosjektleiar i TV 2 sitt dotterselskap Wolftech News.

– Fast jobb er fint, men fast jobb der ein verkeleg vil vera kjennest heilt fantastisk. Det skjer utruleg mykje spanande på TV 2 sine plattformer no, og eg gler meg over at nyheitsredaksjonen i Bergen får fleire stillingar som vil gi ei sårt tiltrengt vitamininnsprøyting etter nokre år med kraftig omstilling. Akkurat no kunne eg aldri tenkt meg å ha ein annan jobb enn reporter i TV 2 Nyhetene, og difor er det kjempestort å få vera her på permanent basis, seier Lid Riise.

Lid Riise er elles son av nyheitsanker i TV 2, Arill Riise.

Til toppen