Kathrine Nygård (25) er vald til ny leiar i Kringkastings­ringen

- Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takka for tilliten, seier Nygård.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det skriv Kringkastingsringen i ei melding onsdag.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 prosent nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk og dialekt i alle andre mediekanalar.

Kathrine Nygård (25) er vald til ny leiar i Kringkastingsringen.

- Det er nesten utruleg at ein medlemsorganisasjon som har eit så smalt arbeidsfelt har greidd å overleva i meir enn seksti år. Men det seier berre at problemet enno ikkje er løyst, og det er openbert at det er mange arbeidsoppgåver å ta tak i. Eg såg at kringkastingssjefen sa han ville at 2019 skulle bli året der NRK faktisk nådde 25 prosent nynorsk. Det vil eg og, seier ho i ei melding.

Nygård har journalistutdanning og har tidlegare arbeidd i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Ho har også vore journalist for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK.

Ho har òg vore prosjektleiar i Skeiv Ungdom. Hausten 2016 var ho nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter.

Ho får med seg desse i styret:

  • Kristofer Olai Ravn Stavseng, rådgjevar, kjem frå Stordal i Møre og Romsdal
  • Hans-Olav Rise, frontsjef, kjem frå Ulsteinvik i Møre og Romsdal
  • Mattias Rolighed Bergset, kommunikasjonsrådgjevar, kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane
  • Inger Johanne Ruset, informasjonsrådgjevar, kjem frå Linge i Møre og Romsdal
  • Kari Nygard Tvilde, frilans innan media, kjem frå Voss i Hordaland
Powered by Labrador CMS