Lovleg.

Kjem ny sesong av Lovleg

Det stadfestar NRK P3 overfor Framtida.no.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

For ein knapp månad sidan var første sesong av NRK sin nett-tv-serie Lovleg ferdig. Som braksuksessen Skam, er det ti episodar per sesong.

No er det stadfesta at det kjem meir Lovleg.

– Eg kan berre seia at det kjem på nyåret og at me ikkje er i gang med innspeling enno. Men det er framleis Sandane, Firda og mange av dei same karakterane, seier prosjektredaktør i P3, Melike Leblebicioglu, til Framtida.no.

I mars skreiv Medier24 om serien som vert spelt inn på Firda vidaregåande skule i Sandane i Nordfjord.

Ungdommane på den aktuelle skulen sa i vår at dei oppfatta serien som ein «Skam-oppfølgjar».

– Det er veldig kjekt at denne serien skal handla om ungdommar som bur på landsbygda. Eg håpar den vert like populær som «Skam», sa 17 år gamle Tea Malene Fuglestrand den gong.

I vår kom i tillegg P3-serien Blank, som òg liknar Oslo-baserte Skam – berre for ei hakket eldre målgruppe, for dei som er ferdig med livet på vidaregåande skulen.

Første sesong var ferdig 23. juni i år, med beskjed om at sesong to kjem i haust. No nærmar me oss desember, og ifølgje nettsidene til Blank kjem ikkje sesongen før til våren 2019.

Powered by Labrador CMS