KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad saman med partiet sin avtroppande kommunikasjonssjef Mona Høvset på Granavolden Gjæstegiveri.
KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad saman med partiet sin avtroppande kommunikasjonssjef Mona Høvset på Granavolden Gjæstegiveri. (Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix)

Kommunikasjonssjef Mona Høvset sluttar i KrF

Har siste arbeidsdag 20. desember og har førebels ingen jobb å gå til.

  • Saka vert oppdatert.

Kommunikasjonssjef Mona Høvset skal ha sendt ein intern e-post i KrF kor ho opplyser om sin avgang.

 

Takksam for jobben

Generalsekretær Geir Morten Nilsen i KrF. Foto: KrF

Generalsekretær Geir Morten Nilsen i partiet stadfestar overfor Medier24 at Høvset sluttar.

Ho går frivillig, seier Nilsen.

– Korleis reagerer de på avgangen?

– Ho har vore ein sentral medarbeidar i mange år, og ho har løyst masse viktige oppgåver for partiet, tidvis med trong økonomi, seier Nilsen til Medier24

– Eg er takksam for jobben ho har gjort, legg han til. Nilsen er tidlegare konsernsjef i den kristne dagsavisa Dagen.

Ho har vore i stillinga sidan 2010, og har lang røynsle frå ulike verv i partiet. Ho kom frå stillinga som informasjonsansvarleg i Menneskeverd.

 

«En ikke uanselig mengde krisehåndtering»

Like før klokka 16 publiserte Høvset ei Facebook-oppdatering kor ho skreiv ho går av. Dette er det same skrivet ho sende ut internt, ifølgje Høvset.

«Etter ni år som kommunikasjonssjef i KrF har tiden kommet for å gi stafettpinnen videre. Vi går inn i et mellomvalgsår, noe som oppleves som et godt tidspunkt å gi seg og det vil gi min etterkommer tid til å komme skikkelig på plass og forme planene fram til valget 2021. I omorganiseringsprosessen KrF nå er inne i, synes jeg også at det er riktig å la ny organisasjon få sette seg med den som skal bli værende i posisjonen som kommunikasjonssjef», skriv Høvset.

Knut Arild Hareide og kommunikasjonssjef Mona Høvset. Foto: Håkon Mosvold Larsen

Ho skriv vidare:

«Jeg er svært takknemlig til KrF, alle de fantastiske politikerne våre og mine kollegaer for alt jeg har fått være med på disse årene. Det har utvilsomt vært actionfylte år, med mange lange dager, en ikke uanselig mengde krisehåndtering, mye latter, noen tårer, men mest av alt meningsfulle dager.

Takk til generalsekretær Geir Morten Nilsen for gode samtaler og en ryddig avslutning. Jeg ønsker ham og resten av mine fabelaktige kollegaer alt godt videre. Jeg heier på KrF og vil bidra så godt jeg kan fra sidelinjen. Det er bare å glede seg til innspill fra grasrota!»

 

Skal søkja ny kommunikasjonssjef

Generalsekretær Nilsen seier til Medier24 at dei skal lysa ut stilling som kommunikasjonssjef.

– Kva ser de etter?

– No spør du litt tidleg. Du får venta å sjå på utlysinga, seier han.

 

Kontroversielt bryllaup

Geir Bekkevold, stortingsrepresentant for KrF. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det skapte rabalder både i og utanfor KrF i fjor sommar då partiet sin familiepolitiske talsmann, prest Geir Jørgen Bekkevold, via Høvset og hennar kone Louise-Hill Vegsund.

Medlemmer flukta frå partiet, og Bekkevold fekk massiv kritikk. Hendinga førte òg til eit massivt press på tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Til toppen